Her er diplomet som viser at Er-An Veikro var blant finalistane i Motors store vegmat-kåring.
Her er diplomet som viser at Er-An Veikro var blant finalistane i Motors store vegmat-kåring.

Utmerkte seg i stor mat-kåring

Er-An Veikro var blant finalistane då NAF-magasinet Motor kåra Årets veimat.

- Dette er stort for oss, seier innehavar Linda Andersen og held fra:

- Me er den einaste vegkroa som var representert frå E39. Det er kundane våre som har nominert oss, og så har ein jury kome innom, utan at me var klare over det, og valt oss ut som ein av finalistane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Diplomet skal opp på veggen

Juryen har vitja 121 vegkroer, og valt ut 12 kandidatar. Trattoria Capri blei valt som vinnar, men Andersen deppar ikkje sjølv om dei ikkje gjekk heilt til topps.

- Dette er ein stor og seriøs konkurranse. Det er kjekt at kundane har nominert oss, og at juryen var så nøgde med oss at me kom blant finalistane, seier Andersen.

Ho veit ikkje om dei tolv finalistane vart rangert utover vinnarane, men på lista over dei elleve øvrige, er det Er-An Veikro som er nemnd først.

I desse dagar er det veldig god stemning på vegkroa på Røykenes. (Arkivfoto)
I desse dagar er det veldig god stemning på vegkroa på Røykenes. (Arkivfoto)

- Eg veit ikkje om det har noko å seia, ler Andersen og legg til:

- Diplomet me har fått har me laminert. No skal me finna ein passande ramme og hengja det opp i lokalet.