Terrengbrann: Brannvesenet oppmodar folk om å vera forsiktige i desse dagar, då det er tørt terreng og skogbrannfare.

Utrykking laurdag kveld: – Terrengbrann

Grunna tørt gras og høg spreiingsfare, blei to stasjonar kommanderte ut.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag kveld litt før klokka 21, melde 110 Vest om brann i gras og buskar like ved Bogstrandvegen.

Det vart vidare opplyst at brannvesenet, både frå Os og frå Samnanger, var på veg.

– Det er snakk om ein liten terrengbrann, opplyste Arne Rødberg ved Bjørnafjorden brann og redning.

– På grunn av svært tørt gras og høg spreiingsfare, blei to stasjonar kalla ut. På veg til staden fekk vi beskjed om at brannen meir eller mindre var sløkt, fortade Rødberg.

Ifølgje 110 Vest hadde personar på staden fått fatt i tre brannsløkkingsapparat, og gjort ein god innsats. Det var eit område på om lag 10x20 meter som hadde brunne.

– Vi køyrer likevel fram til staden for å sjå til at ikkje det er glør og at det kan blussa opp. Det ser ut til at også dei frå Samnanger køyrer heilt fram. Då skal vi ha godt med ressursar på staden, fortalde Rødberg då det stod på.

Det var per då uklart kva som var årsaka til at det tok fyr i terrenget.

Rødberg oppmoda samstundes folk om å vera veldig forsiktige med open eld.

– Det er svært tørt om dagen og det skal lite til før det tek fyr.

Det er sendt ut farevarsel om lokal gras- og lyngbrannfare i snøfrie område på Vestlandet. Varselet er gjeldande inntil det kjem nedbør av betydning.

Powered by Labrador CMS