(
(

Utslag på narkotika

Instrumentet som viser om nokon er rusa på narkotika og medikament gav utslag då Utrykningspolitiet stoppa ein mann i Os i går.

– UP stansa køyretøyet litt utanfor Os sentrum i går klokka 17.00. Dei har med seg ein “nark-testar” i bilen, og fekk utslag. Bilføraren, ein mann i 50-åra frå Bergen, blei teken med til legevakt for blodprøver. Førarkortet blei beslaglagt. Det blei funne mindre mengde narkotika i bilen, mest sannsynleg er dette hasj. Saka blir følgt opp når vi får resultat frå blodprøver, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.