Rødekors-mannskap på veg frå basestasjonen i Kolskogen og ut på nye søk tysdag morgon.
Rødekors-mannskap på veg frå basestasjonen i Kolskogen og ut på nye søk tysdag morgon.

Utvidar søket etter sakna

Den sakna Nils Andre Norheim (54) skal vera turvand og kjend i området det vert leita i.

– Vi har dessverre ingen ny informasjon eller observasjonar av den sakna. Heldigvis er vêret på vår side. Dersom han er i terrenget, har vi godt håp om å finna han i god behald, seier innsatsleiar frå politiet, Ivar Kvant.

– Kan han ha reist andre stader enn til fjells?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tanken slår oss alltid, men det er ingenting som tyder på noko anna enn at han la ut på fjelltur, seier Kvant.

Gjekk ut med namn og bilete

Det var i går ettermiddag at familien melde Nils Andre Norheim sakna då han ikkje kom attende frå fjelltur som venta.

Norheim var kledd i ei svart joggedrakt med tynne, grøne striper.

Politioverbetjent Ivar Kvant frå Bergen politikammer er innsatsleiar tysdag morgon, men  aksjonsleiinga vert overteken av Os lensmannskontor i løpet av dagen.
Politioverbetjent Ivar Kvant frå Bergen politikammer er innsatsleiar tysdag morgon, men aksjonsleiinga vert overteken av Os lensmannskontor i løpet av dagen.
Den sakna er 53 år gamle Nils Andre Norheim frå Os.
Den sakna er 53 år gamle Nils Andre Norheim frå Os.

I går kveld gjekk politiet ut med bilete og namn på den sakna.

– Er det vanleg å gå ut med namn og bilete så raskt?

– Vi gjer det etter å ha konferert med familien og i forventning om at det kan føra til hjelp frå andre til å finna den sakna, seier Kvant.

Stort mannskap

Leiteaksjonen har hovudsete i Røde Kors-bygget i Kolskogen.

I morgontimane møtte nye frivillige frå Røde Kors fram for å hjelpa til i søket. Politiet er ute med hundar og helikopter. I tillegg deltek eit småfly frå Os flyklubb i grovsøket. Også mannskap og hundar frå Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp leitar etter Norheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Området er bratt og vanskeleg, så det tek tid å finsøka, seier Kvant.

Samstundes med at det vert finsøkt i området Borgafjell-Nordmarka, har politiet også starta grovsøk oppover Tøsdal og i fjellområdet lenger inne.

anne-marie@osogfusa.no