Uvêr på veg frå aust: Skal du eta middag på terrassen i dag, bør du gjera det før klokka 16

Torevêr: Enno skin sola, men i ettermiddag kan himmelen bli flerra av lyn.

Bjørnafjorden slepp unna det verste, men også vi må rekna med styrtregn og eit og anna lyn.

Meteorologisk Institutt har sendt ut farevarsel for styrtregn, lyn og torevêr for Vestland og Møre og Romsdal frå og med søndag ettermiddag.

— Bjørnafjorden ligg lengst sør i området for farevarsel, så de går nok klar for det verste. Men det kan koma både styrtregn og eit og anna lyn, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk Institutt, Susane Reuder.

Artikkelen held fram under annonsen.

2.000 lyn i Oslo

Klokka 12.20 er det alt registrert enkelte lynnedslag i Rogaland. I Oslo og det sentrale austland har det vore meir enn 2.000 lyn, og uvêret er i ferd med å bevega seg vestover.

Mest truleg vil bygene treffa Bjørnafjorden mellom klokka 16 og 17.

— Det er nok lurast å eta middag før den tid om du skal sitja ute på terrassen, ja. Etter det må folk halda seg innandørs.

— Modellane våre er ikkje så bra med tanke på nett kor regnbygene vil treffa, men ja, det kan kome nokre kraftige byger i både Os og Fusa. Det vil likevel ikkje bli så ille som litt lenger nord i Hordaland, seier Reuder.

Sikra lause gjenstandar

Sjølv om Bjørnafjorden altså kan sleppa unna det verste, risikerer vi ein del uroleg vind som fylgje av torevêr. Rådet er difor å sikra lause gjenstandar.

— Elles vil eg tipsa alle om å fylgja med på lynnedslag i sanntid på lyn.met.no. Dette blir spennande, ler Reuder.