Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix / NPK

Uvêrsskadar for 700 millionar i fjor

Forsikringsselskapa betalte ut rundt 700 millionar kroner for skadar forårsaka av uvêr i 2019.

Hendingane som førte til dei største forsikringsutbetalingane, var storm og skred i Nordland og styrtregn i Fredrikstad, fastslår Gjensidige, som har berekna det totale beløpet forsikringsselskapa måtte ut med i fjor.

Det kraftige styrtregna i Fredrikstad-området i byrjinga av desember kosta forsikringsselskapa nærare 200 millionar kroner. Vinterstormen i Nordland i februar kosta anslagsvis 120 millionar, ifølgje Gjensidige.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Styrtregnet i Fredrikstad er ein type uvêr vi ikkje er vande med i Noreg. Vi hadde ei tilsvarande hending i Oslo for tre år sidan. Dette er noko vi må rekne med meir av framover, seier konsernsjef Helge Leiro Baastad i Gjensidige.

Av åra det finst statistikk for, er 2011 året med størst utbetalingar – nær 3 milliardar kroner, rekna i dagens pengeverdi. Den gong forårsaka vinterstormane Dagmar og Berit meir enn 25.000 skadar. I 1992 bidrog storm og stormflo til skadar for 2,3 milliardar 2019-kroner.

Dette er dei 10 dyraste uvêrs-åra sidan 1980 (kostnader i 2019-kroner):

1. 2011–2.980 millionar kroner

2. 1992–2.272 millionar kroner

3. 2015–1.941 millionar kroner

4. 1995–1.717 millionar kroner

5. 2013–1.278 millionar kroner

Artikkelen held fram under annonsen.

6. 1987–1.240 millionar kroner

7. 2016–1.120 millionar kroner

8. 2012–818 millionar kroner

9. 2017–797 millionar kroner

10. 2014–760 millionar kroner

(©NPK)