FosenNamsos Sjø ønskjer ikkje å driva kiosken sjølv, og ser etter andre som kan vera interesserte.
FosenNamsos Sjø ønskjer ikkje å driva kiosken sjølv, og ser etter andre som kan vera interesserte.

Uvisst om kiosken vil opna igjen

Kiosken på MF Fosen har vore stengd sidan nyttårsskiftet, og det er førebels ingen som har gjeve signal om at dei ønskjer å drifta han vidare.

– Det er etter det eg er kjend med, ikkje nokon som har vist interesse, men så kjem ikkje eg inn så tidleg i prosessen heller, seier administrerande direktør i FosenNamsos Sjø, Grete Fuglem Tennås.

Vil ikkje driva sjølv

Dei eksterne aktørane som dreiv kiosken, ønskte ikkje å halda fram då det ikkje var lønsamt. Ved kiosken heng det eit skriv som seier at det er ledig i kiosk-lokale, og at det berre er å ta kontakt dersom ein er interessert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ønskjer ikkje å driva i eigen regi, seier Fuglem Tennås.

– Er det aktuelt å få inn noko anna enn ein kiosk?

– Først vil vi sjå om det er nokon andre som vil driva kiosk. Skulle det visa seg å ikkje vera det, vil vi ta ei ny vurdering, seier Fuglem Tennås.