Mykje me kan gjera: – Det er mykje me kan gjera for å bli flinkare til å sjå og høyra kvarandre i kvardagen, seier Maria Therese Bjørdal.

Våg å ta praten: – Me prøvde spørsmåla sjølve. Det er ikkje alle som er like enkle å ta på strak arm

I dag er Verdsdagen for psykisk helse. Temaet i år er tilhøyrsle og det å koma nærare kvarandre.

– Hausten er her og me er på veg inn i mørketida. Då er det viktig å fokusera litt på kva grep me kan gjera for å få ein lysare kvardag, seier Maria Therese Bjørdal.

Einingsleiaren for psykisk helse og rustenester stod sjølv på stand i Os sentrum fredag. På Fusa-sida av kommunen stod eit team i Fjord´n senter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Carl-André Dahl kom tilbake og meldte om stor interesse i Eikelandsfjorden. Folk sette verkeleg pris på at kommunen fokuserer på dette viktige temaet, fortel Bjørdal.

Ferske tal frå Mental Helse viser at halvparten av unge med store psykiske utfordringar ikkje søker hjelp. Éin av tre som blir mobba på skulen, seier at ingen vaksne veit om det. Tendensar som dette viser at ein aldri kan undervurdera betydninga av å ha fokus på temaet, meiner Bjørdal.

Utfordrande, men bra: – Denne miniboka med 36 spørsmål kan vera utfordrande, men bra å gå gjennom i lag med folk ein har sosial omgang med.

Litt meir enn ein fotball-prat

Årets tema er «Lag plass». Oppfordringa er å gjera møteplassane våre meir inkluderande. Sosial støtte kan redda liv, særleg i urolege tider, er bodskapen.

Frå foreininga «Verdensdagen for psykisk helse» har kommunen fått ei rekkje lappar med tankevekkjande spørsmål og påstandar. Desse vil bli delte ut under kommunens neste arrangement i samband med kampanjen.

– Me har mellom anna fått ei lita bok med 36 spørsmål for å koma nærare kvarandre. Dette er eit verktøy folk kan bruka heime, på arbeidsplassen eller andre stader der ein kan ha godt av å bli endå betre kjent med kvarandre, og korleis ein har det, fortel Bjørdal.

Ho og kollegaene prøvde seg på spørsmåla i lunsjen sist veke.

– Det vart meir enn den lause fotballpraten eller kva me hadde gjort i helga. Me kjende litt på det. Spørsmåla er gode og utfordrar oss til å seia noko om tema me ikkje normalt våger å snakka om. Målet er at ein skal få losna litt på trykket og bli betre kjent med kvarandre, og dermed også kunna stå betra rusta til å ta vare på kvarandre, seier ho.

Bjørdal vedgår at spørsmåla vart tyngre mot slutten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var nokre spørsmål som var freistande å hoppa over, men slik er det når ein bevegar seg i ukjend terreng. Det kostar å utlevera seg, vedgår ho.

Sjå alle spørsmåla nedst i saka.

Markering i biblioteket

I lag med Bjørnafjorden Pride inviterer kommunen til arrangement på Bjørnafjorden bibliotek i kveld.

– Temaet er inkludering og utanforskap. Saman håpar me å bli litt klokare på korleis me kan gjera dei viktigaste møteplassane våre meir inkluderande, seier Bjørdal.

Kvelden vert innleia med innlegg av Lina Kristine Tennefoss Vatshelle frå Bjørnafjorden Pride. Deretter blir det innlegg frå Karen Hope Nilsen i Friskliv og meistring og Maren Assev frå Rask Psykisk Helsehjelp om korleis dei jobbar og kva tilbod dei har.

– Lars Petter Grønvigh frå Livskvalitet ski- og sykkelverkstad, Milkisa Wodajo frå flyktningtenesta og Cecilie Strandos er hovudgjester i ein sofaprat, fortel Bjørdal.

Torsdag blir det tilbod for dei som meir aktivt vil finna ro og eit lite pusterom i kvardagen.

– Då vert det pust-, avspenning- og medisinsk yoga-tilbod på begge sider av fjorden - i Osbadet og Fjorden Arena, fortel Bjørdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at også dei to dagsentera i kommunen vil ha arrangement om psykisk helse om ikkje lenge.

– Det blir truleg open dag i nær framtid, men ettersom dei på Fusa-sida er på flyttefot, ventar me til dei har landa i nye lokale i gamle Fusa ungdomsskule.

Her er dei 36 spørsmåla:

1. Om du kunne spist middag med kven som helst i heile verda, kven ville du vald?

2. Dersom du skulle blitt berømt – kva ville du blitt kjent for?

3. Øver du på kva du skal seia før du ringjer nokon? Kvifor?

4. Kva er den «perfekte» dag for deg?

5. Når song du sist for deg sjølv? Når song du sist for nokon andre?

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Om du fekk leva til du er 90 år og måtte velja å ha fysikken eller psyken til ein 30-åring dei siste 60-åra – kva ville du vald?

7. Har du nokon gong tenkt på korleis du kjem til å dø?

8. Nemn tre ting de kring bordet ser ut til å ha felles.

9. Kva er du mest takknemleg for?

10. Dersom du kunne endra noko frå oppveksten din, kva ville du endra?

11. Bruk fire minutt på å dela livshistoria din, med så mange detaljar som mogleg.

12. Dersom du kunne vakna i morgon med ein heilt ny kvalitet eller evne, kva ville det vore?

13. Om ei krystallkule kunne spådd noko sant om deg sjølv, ditt liv, framtida eller noko anna – kva ville du likt å vita?

Artikkelen held fram under annonsen.

14. Er det noko du har drøymt om å gjera? Kvifor har du ikkje gjort det?

15. Kva er det største du har oppnådd i livet så langt?

16. Kva set du mest pris på i eit venskap?

17. Kva er ditt finaste minne?

18. Kva er ditt verste minne?

19. Om du berre hadde eitt år igjen å leva, ville du endra noko med måten du lever på i dag? Kvifor?

20. Kva betyr venskap for deg?

21. Kva rolle spelar kjærleik i livet ditt?

Artikkelen held fram under annonsen.

22. Bytt på å dela noko du opplever som positivt med dei andre kring bordet. Vel fem ting kvar.

23. Kor nære er familien din? Føler du at barndommen din var lykkelegare enn andres?

24. Korleis er forholdet ditt til mora di?

25. Lag tre ærlege «vi»-utsagn kvar. For eksempel: «Vi sit her saman og føler at…»

26. Fullfør denne setninga: «Eg skulle ønskt eg hadde nokon eg kunne dela…»

27. Dersom de kring bordet skulle blitt nære vener, Kva ville det vore viktig at den andre veit om deg?

28. Fortel kva de liker med kvarandre. Ver oppriktig, også om ting du ellers ikkje ville sagt.

29. Del eit pinleg augeblikk frå livet ditt.

30. Når gret du sist framfor nokon andre? Når gret du sist åleine?

31. Del noko du liker med den andre allereie no.

32. Kva, om noko, er for alvorleg å spøka med?

33. Dersom du berre hadde éin kveld igjen i livet, uten høve for å kommunisera med nokon, Kva ville du mest angra på at du ikkje har fått sagt, og til kven? Kvifor har du ikkje sagt det enno?

34. Heimen din står i brann. Etter å ha redda ut folk og dyr, har du tid til å redda én ting til. Kva ville det vore, og kvifor?

35. Kven i familien din ville det vore vanskelegast å mista, og kvifor?

36. Del eit personlig problem. Be den/dei du pratar med om råd. Spør også den andre om å dela sine refleksjonar om korleis problemet pregar deg.