Pressekonferanse: Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket i Noreg vurderer situasjonen no, og skal halda pressekonferanse klokka 14 torsdag.

Vaksine sett på vent i Danmark etter mogleg alvorlege biverknader - dette seier kommunen

Koronavaksinering med AstraZeneca-vaksinen er sett på vent i Danmark etter rapportar om moglege alvorlege biverknader i form av blodpropp.

Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket i Noreg vurderer situasjonen no, og skal halde pressekonferanse klokka 14 torsdag.

– Vi kjem med meir informasjon når vi veit kva FHI og Legemiddelverket har bestemt, og kva for konsekvensar dette eventuelt vil ha for vaksinasjonsplanen i Bjørnafjorden kommune, seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen poengterer at det ikkje er bevist at det er samanheng mellom vaksinen og tilfella av blodpropp, men danske helsestyresmakter har stansa vidare vaksinasjon med AstraZeneca medan dei undersøker saka.

I Bjørnafjorden har helsepersonell fått AstraZeneca-vaksinen. Ingen har meldt om alvorlege biverknader, ifølgje kommunen.