Undersøkingar viser at 1,7 millionar nordmenn har opplevd nestenulukker grunna manglande refleksbruk.
Undersøkingar viser at 1,7 millionar nordmenn har opplevd nestenulukker grunna manglande refleksbruk.

Vaksne bør læra av borna sine refleksvanar

– Sju av ti vaksne seier at dei bruker refleks, men teljingar viser at det i realiteten berre er fire av ti som gjer det, fortel Knut Olav Røssland Nestås i Trygg Trafikk.

– Alle som køyrer bil har eit omfattande ansvar når dei er ute i trafikken. Ingen ønskjer ulukker, og det er difor viktig at vi hjelper kvarandre både med å sjå oss for og ved å gjera oss synlege i trafikken, skriv Nestås.

Undersøkingar viser at så mange som 1,7 millionar nordmenn har opplevd nestenulukker grunna manglande refleksbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utan refleks i mørket vil ein bilist berre ha eit par sekund på å sjå deg. Reaksjonstida blir då farleg kort. Med refleks aukar ein ofte denne marginane til om lag ti sekund, seier Nestås.

Ein fordel i travle gatemiljø

Det vaksne og born gjerne har til felles, er trua på at bilistar ser dei.

– Det er nok enkelt å tru ein blir sett, særleg i sentrum med gatelys, men hugs på at dess meir lys det er, dess verre blir det å skilja detaljar frå ein annan i gatebiletet. Det fine med refleks er at den ikkje er eit lys. Den reflekterer derimot lys, og er i konstant rørsle så lenge ein sjølv er i rørsle. Det er ein fordel i travle gatemiljø, der mykje konkurrerer om merksemda til alle som er ute i trafikken, seier Nestås.

Knut Olav Røssland Nestås i Trygg Trafikk fortel at talet refleksbrukarar er på veg opp, men at det framleis er for lågt.
Knut Olav Røssland Nestås i Trygg Trafikk fortel at talet refleksbrukarar er på veg opp, men at det framleis er for lågt.

Talet refleksbrukarar framleis for lågt

Andelen vaksne som brukar refleks skal ha auka dei siste åra, men ifølgje Nestås er talet framleis for lågt.

– Om lag 40 prosent nytta refleks i 2017. Vaksne er ærlege på årsaka til kvifor ein ikkje bruker refleks så ofte som ønskt: Refleksen blir gløymd og ligg att heime. Vi har likevel mange førebilete som gjer seg synlege i trafikken. Det er dei minste av oss, som ofte har fått beskjed av vaksne om å bruka refleks, seier Nestås.

Han meiner bruk av refleks handlar om vanar.

– Born som brukar refleks, held fram med den vanen. Vaksne bør læra borna sine gode vanar. Når refleksen er lett å gløyma, er det enklaste grepet ein kan ta å festa refleksar i alle jakker samstundes. Gjer det med ein gong, så hugsar du det til neste gong du er på tur, oppmodar Nestås.

Trygg Trafikk sine 5 beste reflekstips:

1. Fest refleks på alle jakker, sekkar og vesker – då har du alltid med deg refleks.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Refleksar er forbruksvare som blir slitne over tid. Byt ut gamle refleksar!

3. Bruk helst to refleksar. Då er du synleg frå begge kantar.

4. Refleks synest best når han beveger seg. Fest refleks på armar og bein.

5. Hengerefleksar bør henga i knehøgde for best mogleg effekt.