(
(

Vald, hærverk og narkotika

Ein 20-åring frå Os må svara for seg i tingretten i mars.

Tiltalen mot osingen omfattar tre brot på straffelova og eitt brot på legemiddellova. Alle lovbrota skjedde i tidsrommet 24. desember 2016 til 15. januar 2017.

På julaftan skal vedkommande ha knust frontruta og eit sidevindauge på ein personbil. I tiltalen står det også at han torsdag 29. desember, eller forut for dette, skal ha brukt ecstasy (MDMA) og cannabis (THC). Søndag 15. januar er han tiltalt for å med knytt neve ha slått til ein mann fleire gonger i ansiktet. Nokre timar tidlegare oppgav han urett namn, fødselsdato og fødselsår til ein politimann. Han framviste bankkortet til vedkomande som han hevda å vera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka skal opp i tingretten i mars 2018.