I dag jobbar Emil Tetlie Brimsholm hos Samba i Øyane, som driv transport og anleggsservice langs heile kysten på Vestlandet. Utdanninga har han frå Austevoll.
I dag jobbar Emil Tetlie Brimsholm hos Samba i Øyane, som driv transport og anleggsservice langs heile kysten på Vestlandet. Utdanninga har han frå Austevoll.

Valde sjøvegen på Austevoll

Emil Tetlie Brimsholm var aldri i tvil om at sjøen skulle bli arbeidsplassen hans. Vegen gjekk via populær fiskarskule på Austevoll.

Emil gjekk vg1 Naturbruk og vg2 Fisk og fangst på Austevoll vidaregåande skule. Skulen deler lokale med den maritime fagskulen (tidlegare Fiskarfagskulen).

- Eg tok til på Austevoll i 2008, og gjekk to år på vidaregåande, før eg hadde to år i lære. Sidan var eg attende på Austevoll og gjekk eitt år på fagskulen, og fekk styrmannspapir, fortel Emil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jobbar hos Samba

I løpet av andreåret på Fisk og fangst på Austevoll tok han også kystskippar-sertifikatet, eller dekksoffiser klasse 5, som valfag.

- Det gjorde at eg kunne løysa sertifikat mykje tidlegare enn om eg hadde gått t.d. matros.

I dag jobbar Emil hos Samba i Øyane, som driv transport og anleggsservice langs heile kysten på Vestlandet.

- Eg er skipper på ein av båtane våre, og organiserer og har personalansvar for mannskapet, og dei administrative oppgåvene i tilknyting til dette, fortel Emil, som har vore i arbeidslivet for fullt sidan han var 22 år.

- Men eg har alltid jobba på båtane våre parallelt med utdanninga, i somrar, helgar og gjerne litt meir enn det også.

Pendla med båt

Emil bur i Øyane, og fortel at dei fleste som han kjenner som har peila seg inn på jobb på sjøen, har gått på Austevoll.

- Det er mange frå Øyane som har gått der ute, i mange generasjonar. Faren min, blant anna. Han er også kaptein på båten eg var lærling på.

Emil pendla til skulen med båt. Dei brukte alt frå eit kvarter til ein time, alt etter kva båt dei hadde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var veldig greit å gjera det slik. Det er lett å koma seg frå Øyane og Os til Austevoll med båt. Såleis kunne det vore interessant å sjå på ei løysing med fast båtrute for elevar frå Os som går på skule på Austevoll, og også for dei på Austevoll som går på skule på her.

Gode lærarar

Om lærarane på Austevoll har han berre godt å seia.

- Skulen har lærarar som har erfaring frå fiskeri og som har god greie på det dei heldt på med. Ingen tvil om det, seier han og held fram:

- Skulen hadde eigen sjark og mindre båtar me var ute i. I tillegg var me på utplassering på andre båtar. På den måten fekk me raskt innblikk i arbeidslivet på sjøen, og ein peikepinn på om det var dette me ville.

- Har du inntrykk av at det er ein grei bransje å få seg jobb i?

- Det spørst litt kva du vil. Jobb i fiske med trål og not er relativt vanskeleg å få. Men, vil du nok, så går det fint.

Fakta:

Austevoll vidaregåande skule Austevoll maritime fagskule

Ligg på Storebø i Austevoll, og deler lokale

Artikkelen held fram under annonsen.

Den vidaregåande skulen tilbyr følgjande utdanningar i skuleåret 2016-2017:

Vg1 Studiespesialisering

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Vg1 Naturbruk

Vg2 Akvakultur

Vg2 Fiskeri og fangst

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

Vg2 Maritime fag

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidslivstrening og ei rekkje kurs

Fagskulen har status som maritimt akademi, med NOKUT-godkjente utdanningar på fagskulenivå som kvalifiserer til dekksoffiser (både operativt nivå og leiarnivå) og fagteknikar i akvakultur.

Ei fagskuleutdanning er ei yrkesretta utdanning som gjev praktisk kompetanse til å fungera i arbeidslivet frå fyrste dag.