Ei relativt roleg natt for politiet i Os.
Ei relativt roleg natt for politiet i Os.

Valdeleg på Søfteland

Ein mann såg dobbelt og vart frakta til legevakt etter eit slag i andletet på Storestraumen i natt.

Det var oppheta stemning blanti ein ungdomsgjeng på Storestraumen i natt.

Litt før klokka tre kom politi og ambulanse til staden etter at ein mann melde frå om at han hadde blitt slått i andletet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk raskt kontroll på både fornærma og mistenkte.

Fornærma klaga over dobbelsyn og vart køyrt til legevakt for sjekk. Mistenkte vart avhøyrt og deretter dimittert. 

Politiet har oppretta sak.

Ampert på Engeline

Ein hissig og berusa mann vart bortvist frå sentrum etter å hamna i krangel med vaktene på Engeline kl. 0140 i natt.

Vedkomande etterkom pålegget.

Ampert i taxikøen

I gryotta søndag nekta ein taxipassasjer å gjera opp for seg etter ein drosjetur. I fylgje politiloggen var det både «kverulering og ufine ord». 

Etter at politiet involverte seg i den oppheta diskusjonen, enda det med at vedkomande likevel betalte dei om lag 1.000 kronene.

Tidleg mopedkøyring

Dei tre unge mopedførarane som fresa rundt ved Esso klokka 0530 (!) i dag tidleg hadde alt på stell, men ein av dei fekk pålegg om å fiksa baklyset på sykkelen.