Odd Arne Larsen, Therese Bergset og Jan Frode Skeie mottok den høgthengjande prisen for «Årets Kampanje» under Bergens Tidendes annonsør-kåring på USF Verftet i Bergen.
Odd Arne Larsen, Therese Bergset og Jan Frode Skeie mottok den høgthengjande prisen for «Årets Kampanje» under Bergens Tidendes annonsør-kåring på USF Verftet i Bergen.

Vann prisen for årets marknads-kampanje

Jan Frode Skeie og resten av gjengen i marknadsavdelinga til MX-Sport kunne fredag jubla over å ha vunne BT-prisen i klassen for «Årets kampanje».

Bergens Tidendes årlege prisutdeling til annonsørane sine gjekk av stabelen på USF Verftet sist fredag. Blant dei mange frammøtte var Jan Frode Skeie, Odd B. Larsen og Therese Bergset frå MX-Sport Bergen.

Firmaet, som til dagen er lokalisert Lidlbygget i Os, var nominert for prisen «Årets kampanje».

Artikkelen held fram under annonsen.

Fortjent heider

Blant fire nominerte i klassen var det altså MX-Sport-gjengen som stakk av med prisen for «Årets Kampanje». Os-firmaet fekk prisen for sitt gode arbeid i forkant av fjorårets «Fritt og Vilt»-messe i Greighallen.

- Det var veldig kjekt å få annerkjenning for det arbeidet me la ned for denne messa i fjor. Årsaka til at me nådde opp i konkurransen er at me lukkast så godt med å marknadsføra messa i mange ulike kanalar på ein gong, fortel Jan Frode Skeie i MX-Sport Bergen.

Osingen meiner prisen var ganske fortent.

- I statuttane for prisen heitte det seg at ein måtte sjå synleg resultat av marknadsføringa. Det vil eg seia me klarte. Me hadde 30.000 innom messa. Det er fleire folk enn kva Brann klarar å samla på 16. mai, humrar Jan Frode Skeie.

Tøff marknad

I dagens samfunn er det vanskelegare å nå kundane enn det var for nokre år sidan. For å lukkast, må ein bruka fleire kanalar.

- Det så enormt mykje informasjon og støy overalt. Om ein skal nå ut, må ein tenkja breitt. Kampanjen vår for fjorårets messe var tenkt ut av vår marknadsansvarleg Therese Bergset. Ho låg planen for dei breie dekinga vår. Me var på Facebook, i papiravisar, på digitale flatar, i radio og til og med ute med plakatar langs vegene. Resultatet viste seg å vera svært vellukka, konstaterer Skeie.

Laurdag 1. april er MX-Sport-kjeda klare med ny «Fritt og Vilt»-messe. Målet for den er stort.

- Me skal annonsera og marknadsføra oss like godt som i fjor. Om alt går som me ønskjer dreg me inn over 30.000 besøkande. Me må setja oss litt store mål for å lukkast, konstaterer Skeie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem kategoriar

Det vart totalt delt ut fem prisar i Bergens Tidendes kåring av annonsørar fredag: «Årets Kampanje», «Årets Velkommen Inn», «Årets Innovative Kunde», «Årets Innholdsmarkedsførar» og «Årets Annonsør».

Forslaga til prismottakarar vart levert av medarbeidarane i Bergens Tidendes marknadsavdeling.

Juryen bestod av Eirik Pedersen Hag, May Fjeldstad Iversen, Anita Næss Fjereide, Daniel Soltvedt og Roy Elvik.