To personar var vanskelege på ein utestad i Os. Dei fekk pålegg frå politiet om å halda seg unna. Ein av dei kom tilbake.
To personar var vanskelege på ein utestad i Os. Dei fekk pålegg frå politiet om å halda seg unna. Ein av dei kom tilbake.

Vanskeleg gjest blei køyrd i arresten etter å ha vore ufin med politiet

– Han blir meldt for å ha brote eit pålegg frå politiet og for å forulempa ein offentleg tenestemann, fortel vakthavande politibetjent.

Klokka halv to natt til søndag fekk politiet melding frå ein utestad i Os sentrum som hadde problem med eit par gjester. Då politiet kom til staden hadde det ikkje utarta seg, men ein mann i 50-åra og ein mann i 30-åra, fekk pålegg om å halda seg borte frå sentrum til klokka 08.00.

– Kort tid etter trefte patruljen på mannen i 50-åra. Anten hadde han ikkje etterkome pålegget, eller så hadde han gått og kome tilbake. Han var nok ein gong vanskeleg med vaktene, og etter kvart politiet. Han blir meldt for munnbruken, fortel vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein halvtime før denne episoden starta, fekk politiet melding om festbråk nære sentrumskjerna i Os.

– Då vi kom til staden var det roleg. Dei fekk beskjed om å halda det slik, og vi måtte ikkje koma tilbake.