Ypparlege skøyteforhold: Under pandemien gjorde Os Røde Kors det mogleg å gå på skøyter på Ulvenvatnet på kveldstid. I dag, måndag, gjer dei det same på Banktjørna.

Var stor suksess under pandemien. No dreg Røde Kors fram lyssøyla si igjen

— Dette blir ein fin kveld. To fluger i ein smekk, seier leiar i Os Røde Kors hjelpekorps, Lena Bekken.

Måndag kveld kjem Røde Kors til Banktjørna med lysaggregat og anna utstyr — skulle det bli naudsynt å assistera skøyteglade bjørnafjordingar.

Lyssøyla er meint å brukast under snøskred for å lysa opp større område, fortel Bekken.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Men vi treng å øva. Difor er dette to fluger i ein smekk. Vi får trena, og folk får stå på skøyter i mørket, seier Bekken.

I dag vil Røde Kors ha oppmøte på “bruket” kvart over seks. Dei reknar med å vera på plass på Banktjørna til halv sju, slik at folk kan rekna med å snøra på seg skøytene til dess.

Skummelt å gå i mørket

Det er ikkje første gong Røde Kors hentar fram lyssøyla si til glede for bjørnafjordingane. Sist det blei gjort var under pandemien i 2021, då på Ulvenvatnet.

— Det var stor suksess. Det var veldig kaldt ved starten av året. Mange sat inne, og folk kunne ikkje møtast eller gå nokre stader. Det var mange barn som kjeda seg.

Bekken legg til at det ikkje skjer så ofte at det er så god skøyteis som no. Då er det keisamt at mange ikkje får høve til å koma seg ut og testa forholda. For sjølv om sola har snudd, blir det fort mørkt etter at skule- og arbeidsdagar er omme.

— Det er nok også mange som synest at det er litt skummelt å skulla gå i mørket. Difor vil vi skapa litt lys og laga litt trivsel. Vi satsar på god stemning, seier Bekken og smiler.

Kan bli fleire: Lena Bekken fortel at det ikkje er planlagt fleire kveldar med lys på skøytevatn. Ho utelukkar likevel ikkje at det kan skje fleire gonger denne sesongen.

Utelukkar ikkje fleire kveldar

I førsteomgang er det i dag, måndag, at Røde Kors har planlagt å lyssetja eit skøytevatn i Bjørnafjorden.

— Vi har ikkje planlagt fleire kveldar. Vi får sjå korleis det går i dag. Dette er kjekt å halda på med, og det er frivillig innsats. Vi utelukkar ikkje at det kan bli fleire kveldar denne sesongen. Vi må jo også sjå korleis vêret utviklar seg.