Vanskeleg for folk: — Det er lettare for mange å skyva på problema enn å ta tak i dei økonomiske utfordringane, seier Åsta Bakke-Mjelde. Her saman med Anne Lyssand.

Henta inn over 50 bilar i fjor: — Folk slit med å gjera opp for seg

Den økonomiske utviklinga dei siste åra, gjer at mange må gje avkall på ein del ting. Ikkje alle klarer å gjera det sjølve.

— Det er andre type bilar enn vi såg tidlegare også, seier Åsta Bakke-Mjelde, seniorrådgjevar i den sivile avdelinga ved Bjørnafjorden politistasjon.

Hentar inn Jaguar'ar og Tesla'ar

Det blei i 2022 registrert 31 tilbakelevering- og tvangssalsaker. Talet auka til 54 i fjor. Det er i all hovudsak snakk om bilar som ikkje blir betalt som avtalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Av desse 54 sakene, er 52 av dei bilar, seier Bakke-Mjelde og legg til:

— Vi ser at det er ei endring i kva bilar det er snakk om også. Det er I-PACE (Jaguar, journ.mrk.) og Tesla.

Vidare fortel ho at tilbakeleveringssakene typisk er misleghald av billån, der kreditor har salspant i bilen. Då ligg det gjerne ein klausul i kontrakten som seier at kreditor har krav på å få bilen attende, om ikkje betalingane går som avtalt.

Tvangssal er saker der namsmannen eller Skatteetaten til dømes har pant i ein bil, og ønskjer å tvangsselja denne.

Svært vanskeleg og flaut

Når namsmannen er ute for å henta inn bilane — eller forsøkjer å gjera det, kjem dei i mykje tettare dialog med kundane enn ved utleggssaker — der ting går føre seg meir “maskinelt”. Utleggssaker kan involvera å ta pengar direkte frå skuldnar si løn, eller at eigedom blir selt for å dekkja gjeld.

— Vi rettleiar så godt vi kan og forsøkjer å finna gode løysingar. Det er god kontakt og dialog med kundane. Når det er sagt, får desse kundane varsel når sakene kjem inn til oss. Det er billegare for dei å ta affære før det. Men der og då kan dei også ta kontakt med inkassoselskapet og forsøka å få til ei ordning.

Det viser seg ifølgje Bakke-Mjelde ikkje å vera så enkelt for dei fleste.

— Det kan opplevast svært vanskeleg og flaut. Det er lettare å skyva på problema enn å ta tak i dei økonomiske utfordringane, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Talet utleggssaker auka frå 2.530 til 2.887 frå 2022 til 2023. Det er forventa at talet aukar også i år. Starten på året tyder på det. I januar og februar er det ein auke på 19 prosent i utleggssaker frå i fjor, ifølgje ei oversikt Bakke-Mjelde viser til.

— Vi blir ikkje arbeidsledige med det første, dessverre. Ei oppmoding til folk er å helst ta kontakt med kreditor før saka kjem til namsmannen. Det er mange kreditorar som har gode løysingar og som vil gå inn på avtalar. Men har saka først hamna hos oss, er ikkje dei lenger interesserte i å inngå avtalar.

Flest saker frå Os

Tala som vert vist til er saker frå gamle Os og Fusa kommunar — heile Bjørnafjorden kommune, i tillegg til Austevoll.

— Namsmyndet vårt omfattar heile dette området. Så skal det seiast at ikkje det er svært mange saker ute i Austevoll, ei heller på Fusa-sida.