Google Maps)
Google Maps)

Varmare enn i juni

Klokka 19 i kveld var det 12 varmegrader både i Os og Fusa. I snitt var det varmare i dag enn midt i juni.

- Sommaren er her, sa ei dame som delte ferje med «Os og Fusaposten» i kveld. Vinden som slo mot oss kunne ikkje kallast anna enn fønvind.

Gradestokken viste 11 og 12 fleire stader i Os og Fusa. 12 grader var det på Vinnes og i Eikelandsosen, samt i Hagavik og Os sentrum. Litt kjøligare var det i Øyane, der Røtinga "berre" hadde 10 varmegrader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vêrstatistikken hjå YR.no fortel at normalen på denne tida av året er ca. 2 varmegrader. I staden kan både 18. og 17. desember skilta med ein middeltemperatur på 8-9 varmegrader. Til samanlikning hadde me 15. juni i år ein middeltemperatur på 7,5 grader.

Varmerekord OG regnrekord?

Det skal litt til å slå vêrrekordar her i Hordaland. Ifølgje BT var det 12,1 grader ei desembernatt i 1984. Andreplass er ei desembernatt i år 2000, då det var 9,9 grader. Den kan bli slått i natt.

Endå meir skal til for å slå regnrekordar - men meteorolog John Smits seier til NRK at Bergen kan slå den nasjonale rekorden frå 1967 dersom den noko nedslåande vêrmeldinga for juleferien slår til. YR har sendt ut OBS-varsel med melding om store nedbørsmengder på Vestlandet sør for Stad. Ifølgje langtidsvarselet skal regnet vara til og med 2. juledag. Først 27. desember vil sola visa seg att, og då er det ifølgje storm.no også mogleg at det blir frost.

Det kan bli regnrekord i år!
Det kan bli regnrekord i år!