Reglar: - Vi oppmodar alle til å setja seg inn i reglar rundt hummarfiske og fredningsområde. (Illustrasjonsfoto)

Varslar moglege kontrollar etter hummar-melding

Har fått inn melding om mogleg tjuvstart på hummarfiske.

Politiet har fått inn melding frå området Lysefjorden/Drange om at nokon kan ha starta hummarsesongen litt for tidleg.

– Dette er meldt vidare til Fiskeridirektoratet som moglegvis vil gjennomføra kontroll i tida før hummarsesongen startar 1. oktober kl. 8. Vi oppmodar alle til å setja seg inn i reglar rundt hummarfiske og fredningsområde, skriv politiet i ein epost.