Illustrasjonsfoto.

Varslar om ekstra sterke solstrålar denne påska

Finn fram solkremen og pass på! Påska kjem seint i år, og dermed står sola høgare på himmelen, og solstrålane er sterkare, åtvarar Kreftforeningen.

– I område i Sør-Noreg med snø kan UV-strålinga denne påska koma opp mot det nivået vi normalt har midt på sommaren. Også i Midt-Noreg og Nord-Noreg vil UV-strålinga bli så høg at det er nødvendig å verna huda, spesielt der det er snø, seier fagdirektør Lill Tove Nilsen i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

Saman med Kreftforeningen, Meteorologisk institutt og NILU, Norsk institutt for luftforsking, har DSA sendt ut ei rettleiing med tips før påskeferien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No på våren aukar UV-strålinga mykje frå dag til dag, og i påska og framover er sola sterk nok til å gjereaoss solbrente på kort tid. Ein halvtime kan vera nok, seier Nilsen.

Smørjetips

Det blir åtvara om at vinterbleik hud lett blir solbrent, og at dette gjeld sjølv om du skal jobbe i hagen, er på fjellet, driv med båtpuss eller sit på kafé.

Ei undersøking Kreftforeningen har gjort i samarbeid med DSA, viser at éin av fem vart solbrent før dei rakk å smørje seg.

– Det er nettopp når du ikkje tenkjer at du skal sola deg, men berre vera utandørs, at du gjerne blir brent. Faktisk viser undersøkinga at det er meir vanleg å bli solbrent når ein gjer noko anna enn å sole seg, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen.

Undersøkinga viser òg på at mange gløymer solkremen igjen heime.

– Oppmodinga vår er at solkremen skal vera like viktig å ha med seg som lommebok og mobil. Eller som Kvikk Lunsj og skismørjing, viss du er på fjellet, seier Ross.

UV-varselet for påska kan sjekkast på nettsidene til Institutt for luftforsking eller hos Yr. Førebels viser det at Sør-Noreg og Midt-Noreg får moderat stråling i område med snø, medan det blir svak/moderat stråling i snøen i Nord-Noreg. Utan snø blir strålinga noko svakare.

Oppsøk skugge

På Austlandet er det uvanleg lite snø både til fjells og i låglandet, medan det på Vestlandet, i Midt-Noreg og Nord-Noreg er store snømengder på fjellet. Snøen reflekterer solstrålane og kan auka strålinga med 50 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ved overskya eller disig vêr er det lett å tenkje at sola ikkje er like sterk. Men UV-strålinga blir ikkje dempa like mykje som lyset, og du kan bli både solbrent og snøblind viss du droppar solkrem eller solbriller, seier Lill Tove Nilsen i DSA.

Tips

Saman har dei fire offentlege institusjonane sendt ut nokre tips til godt solvern før påskeferien.

1. Avgrens tida i sterk sol

2. Oppsøk skugge

3. Bruk klede, noko på hovudet og solbriller

4. Bruk rikeleg med solkrem, faktor 30 eller høgare

Påskesola kan vere svært intens når ho står på som verst. Her frå Eggedalsfjella i Buskerud. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK