Arbeidsområdet: Det går føre seg stort arbeid med ny bru og veg — og veg til mjuke trafikantar — på Hegglandsdalsvegen. No melder kommunen om at det kjem til å vera ein del støy den neste tida i samband med dette arbeidet.

Varslar om tidvis støyande arbeid

I samband med bygging av ny Valle bru vil ein dei neste vekene måtta pårekna tidvis støy i området.

Det melder Bjørnafjorden kommune på heimesida si.

Det er entreprenør Peab Anlegg og utførande entreprenør Keller som varslar om oppstart av arbeid med påling for ny Valle bru.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidet starta tysdag denne, og kjem til å gå føre seg periodevis i veke 13 og 14.

Det er opplyst at arbeidstida vil vera frå kl 07-19.

Det er spesielt ved boring for pålar til brua at ein må pårekna tidvis støy. Dette er ikkje arbeid som er planlagt å ta to fulle veker, men det er sett av tid tysdag og onsdag neste veke. Det blir vidare opplyst om at det kan bli endringar i planen.