Lasta om: Førar blei beden om å lasta om, slik at han var innanfor lova før han køyrde vidare, fortel politioverbetjent Anne Lyssand. (Illustrasjonsfoto)

Vart stoppa av politiet og måtte lasta om

Meldar reagerte på bil med hengar.

Politiet fekk tysdag ettermiddag melding frå ein bilist som låg bak ein personbil med hengar, kor lasten ikkje var etter lova. Bilen blei stansa ved Uno X.

– Førar fikk bruksforbod for vidare køyring med hengar slik han var lasta. Førar blei beden om å lasta om, slik at han var innanfor lova før han køyrde vidare, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk tysdag ettermiddag også inn ein klage på støy i Os sentrum. Fire «MC'ar» blei sjekka av politiet på grunn av høg lyd, og to av førarane blei gitt kontrollseddel for framvising til Statens vegvesen.

Ein mannleg bilist i 20-åra blei tysdag kveld målt til 70 km/t i 50-sonen på Lepsøyvegen. Han vedtok eit førelegg på kr 5.850 og fekk seks prikkar.