Enkelte abonnentar i området kan miste vatnet inntil vassbrotet er reparert.
Enkelte abonnentar i området kan miste vatnet inntil vassbrotet er reparert.

Vassbrot mellom Ulven og Skeisleira

Det er registrert eit vassbrot på strekninga mellom Ulven - Skeisleira. Det er førebels uklart kor brotet er lokalisert, og tilgjengeleg mannskap er sendt ut.

Det opplyser Os kommune på sine heimesider.

- Enkelte abonnentar i området kan miste vatnet inntil vassbrotet er reparert. Da vi ikkje veit omfanget ennå, har vi ikkje fått varsla dei som er og blir råka. Det kan ta noko tid før vatnet er tilbake. Vi beklager dei ulempar dette fører til for våre innbyggjarar, skriv kommunen vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no