Kommunen melder at det førebels ikkje er kritisk, men ber deg utsetja aktivitetar som krev uvanleg mykje vatn.

Vassleidningsbrot fredag: Førebels ikkje kritisk

Men kommunen ber deg likevel om «å utsetja aktivitetar som krev uvanleg mykje vatn».

Det er oppdaga eit brot på den eine av inntaksleidningane til vassrenseanlegget på Hetleflåten.

Det melder Bjørnafjorden kommune fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Den aktuelle leidninga er stengt av inntil vidare. Vi har grei forsyning gjennom den fungerande inntaksleidninga, som òg er den største, så abonnentane kjem i utgangspunktet ikkje til å merka at vi har redusert kapasitet, seier Robert Flister frå teknisk drift.

Det var Bergen Vann, som driftar vassforsyninga for Bjørnafjorden kommune, som oppdaga brotet.

Sjølv om det førebels ikkje er kritisk for vassforsyninga, ber teknisk avdeling folk om å vera føre var, og utsetja aktivitetar som krev uvanleg mykje vatn.

Dei fleste husstandane på Os-sida som er kopla til offentleg kommunalt vassverk, får vatnet sitt frå dette anlegget. Unntaket er Lysefjorden, som er forsynt frå anlegget i Søvik.