Er vatnet varmt nok for deg, eller ventar du på at vasstemperaturen skal nærma seg 20 grader før du kastar kleda og hoppar i sjøen. Her er Terje Søviknes på symjetur i full dress for eit par somrar sidan, etter å ha teke ei utfordring på strak arm.
Er vatnet varmt nok for deg, eller ventar du på at vasstemperaturen skal nærma seg 20 grader før du kastar kleda og hoppar i sjøen. Her er Terje Søviknes på symjetur i full dress for eit par somrar sidan, etter å ha teke ei utfordring på strak arm.

Vasstemperaturen tek seg opp

Det er ikkje overraskande at nokre flotte dagar har gjort at vasstemperaturen aukar. Os kommune har i dag lagt ut ferske målingar på heimesida.

I badesesongen måler kommunen vasstemperatur og -kvalitet på utvalde badeplassar og friluftsområde i kommunen kvar veke.

Av dei ulike stadane kommunen målar, er det Vindalsvatnet som er varmast med 18 grader. Det er tre grader meir enn for ei veke sidan. Temperaturen aukar også i Skesstøa, Søvikvågen og Mobergsvika sidan sist måling for om lag ei veke sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er lista over temperatur og vasskvalitet på dei ulike stadane:

Vindalsvatnet, Søfteland: – 18 grader,

Smievågen: 14 grader,

Moldafjæro: 14 grader,

Mobergsvika: 14,5 grader,

Kuvågen: 14 grader, 10

Skeisstøa: 16 grader,

Søvikvågen: 16 grader,

Sigurdsvika, Ulvenvatnet: 16,5 grader,

Artikkelen held fram under annonsen.

Om vasskvaliteten:

Badevatnet vert analysert for såkalla termostabile koliforme bakteriar (TKB). Dette er tarmbakteriar frå menneske og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøver ein god indikator på fersk forureining. Godt eigna badevatn skal ha mindre enn 100 TKB per 100 milliliter vatn. Helsemyndigheitene frårår bading dersom TBK-nivået er over 1000.