Vedum nektar å snu om grunnrenteskatt etter permitteringar
Fleire lakseselskap sende permisjonsvarsel onsdag, men finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) står på at det skal innførast grunnrenteskatt som planlagt.
– Det blir grunnrenteskatt. Vi meiner oppdrettsselskapa kan bidra meir til fellesskapet, seier Vedum til VG.
Onsdag varsla oppdrettsselskapa Lerøy og Romsdal Processing at dei vil permittera over 400 tilsette til saman.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei skuldar på skattepakken til regjeringa frå september, som innfører ein ny grunnrenteskatt for havbruksnæringa.
– Nokre av dei store selskapa har enorme overskot, og det kjem til å bli ein grunnrenteskatt. Lokalsamfunn kjem til å sitja igjen med meir pengar, kystfylke kjem til å sitja igjen med meir pengar, og vi kjem til å prioritera at folk som tener mindre enn 750.000, får lågare skatt, seier finansministeren.