Statens vegvesen vil setja opp eit fareskilt på fylkesveg 48 Holmefjordsvegen, før krysset til fylkesveg 125 Holsundvegen.
Statens vegvesen vil setja opp eit fareskilt på fylkesveg 48 Holmefjordsvegen, før krysset til fylkesveg 125 Holsundvegen.

Vegvesenet vil setja opp fareskilt før farleg kryss

Statens vegvesen er ikkje heilt samd i at krysset Holsundvegen/Holmefjordvegen er farleg, men dei vel å ta omsyn til dei som har hatt skumle opplevingar på staden.

– Vi var på synfaring med Fusa kommune før jul. Det gjaldt ei anna sak, men eg hugsa at vi hadde fått ei melding om det omtalte krysset, så vi såg på det også. Vi fann ut at vi ikkje heilt såg at dette var eit spesielt farleg kryss, seier Terje Vidar Hoel, som jobbar med trafikktryggleik i vegvesenet.

Os & Fusaposten snakka i desember i fjor med ein hytteeigar i området. Han hadde vore ute for ei nestenulukke og meiner at krysset er ei skjult dødsfelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skiltet kjem – uvisst når

Det er ikkje berre hytteeigaren som meiner at krysset er farleg. Ein heimehøyrande i området har skrive i ein kommentar at også dei som bur på staden meiner at noko bør gjerast med dette krysset.

– Med all respekt, så ser ikkje vi at krysset kan vera så farleg, men vi vil likevel setja opp skilt, av omsyn til dei som har meldt frå, seier Hoel.

Han er klar på at det kjem til å bli sett opp eit fareskilt, men påpeikar at det kan ta litt tid.

– Vi har mange saker, og vi har ikkje eit eige budsjett til slike tiltak, men dette skal vi få til. Vi må jobba oss nedover i saksbunken til vi kjem til dette krysset. Kva tid det skjer, kan eg ikkje seia noko om, men det kjem eit fareskilt. Det vil koma på Holmefjordvegen, der eg oppfattar at fleire held høg fart.