Veit ikkje korleis traktor tok fyr

Traktor i brann i Varåsen. Spreiing- og eksplosjonsfaren er no over. Brannvesenet veit ikkje korleis brannen oppstod.

Alle naudetatar rykte ut då meldinga om brannen kom like før kl. 9 i dag tidleg. Traktoren som stod i full fyr var lokalisert i krysset mellom Industrivegen og Øvre Varåsen, på gjesteparkeringa til Kolskogen borettslag. Traktoren var lasta med ved, men denne vart ikkje råka av elden.

Fare for spreiing

Då Os og Fusaposten kom til staden rauk det framleis godt av traktoren, og brannvesenet dreiv på med ettersløkking.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då me kom stod traktoren i full fyr. Men me fekk raskt kontroll over flammane, seier Morten Moberg frå Os brannvesen.

Føraren av traktoren kom frå det utan særlege mein, men blir tilrådd å ta ein tur til legevakta.

- Føraren gjorde alt rett, og begrensa faren for spreiing. Det var ei stund me var redde for at brannen kunne spreia seg til rekkjehusa i området, men det skjedde heldigvis ikkje, seier Moberg.

Ifølgje innsatsleiar på staden var det også fare for at dekka kunne eksplodera, og pressa vart såleis beden om å halda ein viss avstand.

Veit ikkje korleis brannen oppstod

Kvart over 9 kunne brannvesenet konstatera at brannen var overstått. Politiet vil etterforska vidare kva som har skjedd.

- Me veit ikkje korleis brannen oppstod. Det er ikkje sikkert at brannen har oppstått i motoren sidan det er hytta på traktoren som har brent kraftigast, seier Moberg.