Tiltalt: Påtalemakta har tiltalt mannen frå Bjørnafjorden for vald.

Vektaren vart sjukmeld. No er mannen frå Bjørnafjorden tiltalt for vald.

Hendinga fann stad ved ein utestad i Bergen sentrum.

Natt til 20. november 2022 skal ein mann i 20-åra ha slått til ein vektar utanfor ein utestad i Bergen sentrum.

Han skal ha slått med knytta hand mot vektarens nakkeregion. Slaget medførte smerter, og vektaren vart sjukmeld i over ei veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er det teke ut tiltale mot mannen, og saka kjem opp i Hordaland tingrett til våren.