Terje Søviknes (Frp) får som venta halda fram som ordførar i Os også i neste periode.
Terje Søviknes (Frp) får som venta halda fram som ordførar i Os også i neste periode.

Vel blåst konstitueringsmøte

- Er det nokon som har førstehandskunnskap om situasjonen i Alta, sa ordførar Terje Søviknes (Frp) lattermildt medan røystene til ordførarvervet vart talte.

Men, i motsetnad til i Alta, var det ingen store overraskingar då kommunestyret i Os hadde konstituerande møte i rådhuset i kveld.

Arbeidarpartiet fremja Helge Steinum som ordførarkandidat, medan V, TVS, MDG, KrF og Sp føreslo Jon Sivert Rykkel (V). Dei to kandidatane kom, som venta, til kort mot Frp og H sin kandidat, Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søviknes fekk 19 røyster, Rykkel 9 og Steinum 7.

Sitjande varaordførar Marie Bruarøy (H) vart utfordra av Tone Hepsøe (Ap) og Nils-Anders Nøttseter (MDG). Sistnemnde vart førslått av MDG, V, KrF, Sp og TVS i fellesskap. Men også Bruarøy vart gjenvalt. Bruarøy fekk 18 røyster, Nøttseter 10 og Hepsøe 7.

Kommunestyret skulle også bestemma kven som skal sitja i dei ulike utvala i kommunen. Resulatet vart som følgjer:

Varaordførar Marie Bruarøy var del av tellekorpset, og hjelpte til med å samla inn røystene til kommunestyremedlemene.
Varaordførar Marie Bruarøy var del av tellekorpset, og hjelpte til med å samla inn røystene til kommunestyremedlemene.

Formannskapet:

Terje Søviknes (Frp), leiar, Marie Bruarøy (H), nestleiar, Laila Reiertsen (Frp), Jonn Garvik (Frp), Ståle Skaatun (H), Helge Steinum (Ap), Tone Hepsøe (Ap), Nils-Anders Nøttseter (MDG/TvS/Sp) og Jon Sivert Rykkel (V/KrF).

Plan- og bygningsutvalet:

Gustav Bahus (Frp), leiar, May Brit Harringstad Mjøs (H), nestleiar, Espen Aspenes (Frp), Ove Frotveit (Frp), Kristin Søfteland Larsson (H), Harald Døsen (Ap), Trine Lindborg (Ap), Sigrid Aanestad Bakke (KrF/V) og Terje Sperrevik (TVS/MDG/Sp).

Tenesteutvalet:

Artikkelen held fram under annonsen.

Emil Tetlie Brimsholm (H), leiar, Eirik André Hesthamar (Frp), nestleiar, Marianne Neumann Hjelle (Frp), Eva Elisabeth Sandtorv (Frp), Susanne Sperrevik (H), Sandra Kristin Austgulen (Ap), Gisle Hesjedal (Ap), Jakob Enerhaug (KrF/V) og Siren Elise Tømmerbakke (Sp/TVS/MDG).

Kontrollutvalet:

Arild Mads Nilsen (Ap), leiar, Leiv Gunnar Heggland (Frp), nestleiar, Eva Bergstø (Frp), Bjørn Matland (H) og Eirik Neverdal (TVS/KrF/V/Sp/MDG).

Dei tre representantane til KS sitt fylkesmøte vart: Gustav Bahus (Frp), Marie Bruarøy (H) og Siren Elise Tømmerbakke (Sp). Tømmerbakke vart føreslått av AP, Sp, TVS, KrF, V og MDG.