Slik sat Jorunn Vadlid Svellingen i 15 minutt med et blødande operasjonssår. Livredd venta ho i 15 minutt på svar frå legevakta, men til slutt gav ho opp.
Slik sat Jorunn Vadlid Svellingen i 15 minutt med et blødande operasjonssår. Livredd venta ho i 15 minutt på svar frå legevakta, men til slutt gav ho opp.

Venta i 15 minutt på hjelp

Fusingen Jorunn Vadlid Svellingen fekk panikk då ho på natta merka at det lak frå eit operasjonssår. Ho ringde Os legevakt, der ho i eit kvarter venta på svar før ho gav opp.

Benjamin Søgnen Olsen

benjamin@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg ringde Os legevakt. Der høyrde eg på telefonsvararen i eit kvarter. Eg var mildt sagt redd, og det blei ikkje betre av at eg måtte venta, seier Svellingen.

Trøbbel med lina

Den 12. januar var Svellingen gjennom ein omfattande brystkreftoperasjon. Ho opererte på tre stader i brystregionen. Ei natt vel halvanna veke etter operasjonen oppdaga ho at bandasje og kle var våte. Svellingen låg i senga og då ho letta på sengetøyet for å reisa seg opp, rann det blod på golvet.

- Eg var livredd. Det såg ut som at det silblødde. Eg fann fram eit handkle og pressa mot, medan eg ringte 56580280, Os legevakt, seier Svellingen.

- Kva om det verkeleg var noko alvorleg som hadde skjedd? Legevakta gjorde ikkje noko for å prøva å spora opp kva som hadde skjedd, seier Svellingen.
- Kva om det verkeleg var noko alvorleg som hadde skjedd? Legevakta gjorde ikkje noko for å prøva å spora opp kva som hadde skjedd, seier Svellingen.

Der høyrde ho på telefonsvararen i eit kvarter før ho la på og ringte til heime- tenesta i Fusa. Ein sjukepleiar i andre enden av røret skulle prøva å få tak i legevakta i Os, og ringde det nye legevakt-nummeret 116117, men det var trøbbel med lina. Sjukepleiaren høyrde dei på legevakta, men dei kunne ikkje høyra ho.

- Når nokon kontakter legevakta på natta, er det alvorleg. Kvifor ringde ikkje dei på legevakta attende frå ein annan telefon, spør Svellingen.

- Når ein ringjer til eit sentralbord, blir nummeret automatisk registrert. Eg meiner at det er lite forsvarleg av dei å ikkje undersøkja kva dette var. Det kunne vore noko skikkeleg gale, seier Svellingen.

Ambulansen rykka ut

Minutta gjekk og Svellingen var framleis like bekymra. Heldigvis var sjukepleiaren snarrådig og handlekraftig.

- Ho ringde ambulansen. Eg blei forskrekka når eg såg ambulansen utanfor, men eg fekk i det minste hjelp. Ambulanse- personell er dyktige folk som har sett det meste, seier Svellingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ambulansefolka fjerna og byta bandasje, og forklarte at grunnen til blødninga mest sannsynleg var ei cyste som hadde samla seg i høgre bryst på Svellingen.

- Ho meinte at det var cysta som hadde sprukke. Det såg dramatisk ut, men det er berre kroppen som ryddar opp av seg sjølv. For at vi skulle vera sikre, ba dei meg om å gå til fastlegen dagen etter. Det gjorde eg, og då såg det heilt fint ut, seier Svellingen og legg til:

- Det var ei veldig skremmande oppleving, og kva om det verkeleg var noko alvorleg? Eg meiner at det er viktig å seia frå om slike hendingar, slik at ein kan bidra til at det blir skikk på dette.

Ikkje høyrd om hendinga

Ifølgje Svellingen er det slik at fusingar ringjer legevakta i Fusa på dagtid, men på ettermiddagar og i helgene, skal ein ringja Samnanger og Os legevakt. Det er ei ordning ho ikkje har noko imot, så lenge det fungerer.

Fusingen har fått med seg oppslaget i Os & Fusaposten, der kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, Nils-Petter Borge, fortel at Samnanger og Os legevakt skal få4,5 nye årsverk.

- Det er bra at dei aukar bemanninga, men eg tenkjer at det kjem til å vera ei novergangsperiode, og at ein uansett må vera merksam på dette problemet, seier Svellingen.

Ber om orsaking

Nils-Petter Borge er ikkje kjend med denne saka då Os & Fusaposten spør om ein kommentar. Etter å ha sjekka litt rundt, vel han å koma med ein generell uttale om saka, men han seier også at hendinga krev meir omfattande undersøkingar. Han legg til at han vil vera avhengig av fleire opplysingar om saka.

- Det er sjølvsagt ikkje greit at ein innbyggjar i ein av våre samarbeidskommunar har opplevinga som er skissert. Så langt eg har klart å sjå, er det ikkje noko i våre loggar som kan forklara kvifor ho ikkje fekk kontakt med legevakta. Generelt vil eg oppmoda innbyggjarar som har uakseptable opplevingar med tenestene vi yter, om å kontakta oss, før dei kontaktar media. Då kan vi konkret finna ut kva som har skjedd og gje vedkomande den sørvisen dei fortener. Vi ber om orsaking for at situasjonen er opplevd slik, og vi vil gjera det vi kan for at det ikkje skal skje igjen. Våre telefonsystem har bakcup via ei reserveløysing som normalt skal aktiverast dersom det er feil på den ordinære koplinga, seier Borge.