I 2016 fekkt 41,1 menn og 37 kvinner per 100.000 innbyggjarar, hudkreft. (Illustrasjons
I 2016 fekkt 41,1 menn og 37 kvinner per 100.000 innbyggjarar, hudkreft. (Illustrasjons

Verdas hudkreftdag: Bli kjend med føflekkane dine

Ikkje for å vera kjip i finevêret, men desse råda frå Kreftforeningen bør du få med deg.

Visste du at Noreg er blant dei landa i verda som ligg dårlegast an både når det gjeld førekomst og dødeligheit av føflekkreft? Dei siste åra har talet tilfelle auka kraftig.

Mange land i Europa har merksemdskampanje om hudkreft i mai og i Noreg blir temaet løfta på Hudkreftdagen 23. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ynsker ikkje å skremma, tvert imot vil vi at folk skal bli kjende med føflekkane sine. Føflekkreft er heldigvis ein kreftform som kan førebyggast, ikkje minst er den ganske enkel å behandla dersom den vert oppdaga tidleg, seier Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen.

Her kan du taføflekk-testen.

Bruk ett minutt

At Norge ligg på verdstoppen i føflekkreft skuldast fyrst og fremst to ting.

Den auka førekomsten kjem av endra solingsvanar – at vi er meir ute i sola, reiser meir til varmare strøk og at vi bruker solarium.

Ei stor årsak til at Noreg har høg dødelegheit, er at mange kjem for seint til legen.

Ei ny, norsk solvaneundersøking har avdekka at berre 17 prosent meiner dei er i stand til å vurdera om ein føflekk er farleg. Nettopp difor må vi læra kva vi skal sjå etter.

– Vi ynskjer at nordmenn skal bruka dagen på å læra faresignala. Det kan redda livet ditt, seier Ryel.

Det viktigaste du skal sjå etter er om ein føflekk har endra seg og ser annleis ut enn dei andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreftforeningen og norske hudlegar har laga ein enkel føflekktest som på eitt minutt lærer deg kva faresignal du bør gå til legen med.

Huda gløymer ikkje

Årleg får over 2.200 nordmenn føflekkreft.

Om lag 90 prosent av alle hudkrefttilfelle har samanheng med at vi er blitt eksponerte for mykje sol eller solarium.

– Det kan verka paradoksalt at vi i vårt solfattige land er i verdstoppen, men nettopp mangelen på sol gjer oss svoltne når solstrålane endeleg kjem, eller vi reiser til dei. Då er det mange som bråsolar seg og blir solbrende, seier Ryel.

Når vi får solskader, ordnar stort sett kroppen opp sjølv, men celler som ikkje reparerer seg samlast opp i løpet av livet og kan utviklast til hudkreft. Difor er det viktig å unngå solforbrenning og mykje soling gjennom heile livet.

For å unngå å bli solbrent, er det mange nordmenn som vel å leggja seg i eit solarium i tru om at det gjer dei betre rusta, men det stemmer ikkje.

– Det er ein myte at det er lurt å ta solarium for å førebu huda til solferien. Det gjev dårleg vern og du eksponerar deg berre for meir UV-stråling.

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

* Føflekkreft, som også kallast melanom, kan oppstå overalt på kroppen. Det kan kome som ein ny føflekk, eller i ein du har frå før.

* Føflekkreft kan i enkelte tilfelle også oppstå i slimhinner, lymfeknutar, auge og under negler.

* Endra solvaner er den viktigaste årsaka til auken i talet tilfeller av føflekkreft. Vi har fått meir fritid og ferie, det er moderne med solbrun hud og stadig fleire reiser på ferieturar til stader med sterk sol.

* Over 90 prosent av hudkrefttilfella har samanheng med UV-strålar frå sol og solarium.

* Omtrent fem til ti prosent av tilfella av føflekkreft skuldast arv.

Slik kan føflekkreft førebyggjast:

– Huda gløymer aldri! Blir du solbrend eller eksponert for mykje sol, vert kroppens DNA skadd. Jo oftare ein vert solbrend og jo meir eksponert for sol ein blir, jo større er risikoen for å utvikla hudkreft.

– Det viktigaste du kan gjera for å førebyggja føflekkreft er å ha gode solvaner. Ta pauser frå sola, beskytt deg med solkrem med minst faktor 15 i Noreg og minst 30 i utlandet, bruk kle, solhatt og solbriller.

– Ikkje bruk solarium! Ein stor norsk studie viser at kvinner som hadde solt seg i solarium 30 gonger eller meir, hadde 32 prosent auka risiko for føflekkreft, samanlikna med kvinner som aldri hadde solt seg i solarium. Kvinner som starta å ta sol før dei fylte 30 år, var i snitt to år yngre då dei fekk diagnosen, enn dei som aldri hadde brukt solarium.

– Intens soling i korte periodar, slik som ferier og helger, kan vera skadeleg.

– Ein norsk studie viste også at risikoen for å få føflekkreft aukar i takt med at vekta aukar. Den gode nyheita er at overvektige som går ned i vekt, også vert mindre utsett for føflekkreft.

Kjelde: Kreftforeningen