Reklamemann, fotballentusiast og forfattar Ingebrigt Steen Jensen skryter av Os kommune som gjev frå seg profilen sin til namnebror-kommunen i Østerdalen. - Det er særs raust, seier Jensen.
Reklamemann, fotballentusiast og forfattar Ingebrigt Steen Jensen skryter av Os kommune som gjev frå seg profilen sin til namnebror-kommunen i Østerdalen. - Det er særs raust, seier Jensen.

Verdset gåvepakka frå Os til mellom 50 og 100 millionar

– Dette er så raust at eg er i tvil om Os kommune veit kva dei gjev frå seg, seier Ingebrigt Steen Jensen.

Reklameguruen er imponert over Os kommunes store gåve til namneboren i Østerdalen, men tviler på at Terje Søviknes & co har teke inn over seg kor mykje ein slik profilpakke eigentleg er verd.

– Her er det fleire element. Det eine er symbolverdien, logoen og sjølve slagordet. Dette er vanskeleg å prissetja, men i lag med effektar, biler og arbeidsty, snakkar me om over 50 millionar i verdiar. Truleg ein plass mellom 50 og 100, seier reklamemannen frå Stabæk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reklamemannen, fotballentusiasten og forfattaren har sjølv vore med og utarbeidd ny profil for ein kommune, og ser at Os kommune i Østerdalen aldri kunne fått til noko slikt åleine.

– Os i Østerdalen har ikkje kapital nok til å utarbeida ein slik profil. Dei er svært heldige som får denne hjelpa av Os i Hordaland, understrekar Jensen.

Gjort kommunen kjend

Han meiner oppriktig at Os kommune i Hordaland er blant få kommunar som med rette kan hevda å vera kjend over heile landet. Mykje av grunnen til det, meiner Jensen er at dei er flinke til å selja seg sjølve.

– Os har mykje å by på for turistar og besøkande, men med «Os inspirerer»-prosjektet, nye E39, brua over Bjørnafjorden og ein svært meiningssterk og lengesitjande ordførar har folk i landet blitt merksame på denne kommunen. At dei no gjev frå seg ein hardt opparbeidd profil og merkevare, er både svært generøst og litt oppsiktsvekkjande, seier Steen Jensen.

Sitt livs beste oppleving i Os

Han minnar om at han sjølv hadde sitt livs beste oppleving i kommunen vår. Nærmare bestemt på Kuventræ.

– Det var 2. oktober 1993. Stabæk måtte slå Os for å rykkja opp frå 2. til 1. divisjon. Me vann 3-0 og eg gret av lukke, fortel Stabæk-mannen.

Han har eit noko ambivalent forhold til at Os kommune no skal skifta namn til Bjørnafjorden.

– Eg håpar ikkje fotball-laget også skiftar namn, avsluttar Steen Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no