Drittvêr: Slik det ser ut, vil regn, vind og milde temperaturar prega januar månad.

Vêret vi har hatt den siste tida, ser ut til halda fram i alle fall ut januar

– Det er det som er mest sannsynleg, fortel Geir Ottar Fagerli.

Det har vore ei fin start på tysdagen, men dette vêret vil ikkje halda fram. Geir Ottar Fagerli er vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt. Han fortel at vi i Bjørnafjorden kan venta store mengde nedbør i ettermiddag og tysdag kveld.

– Det kjem til å «tjukna til» med tanke på vind og nedbør. Det blir sørleg liten storm på utsette stader i Hordaland. I fjellet kan det koma opp i full storm. Seinare kjem det heftig nedbør. Lokalt kan det bli skikkeleg intenst, med høge timeverdiar. Lokalt kan det koma mellom 30–50 millimeter nedbør i kveld, fortel Fagerli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdagen ser ikkje mykje betre ut. Fagerli fortel at det totalt sett kanskje ikkje kjem like mykje nedbør, men at det også i morgon kan bli skikkeleg intenst.

– Vinden vil ein framleis merka, men det blir ikkje like mykje som i kveld. Det vil koma nokre kraftige regnbyer, men ikkje like mykje som ein får i dag.

Fredag er den einaste dagen meteorologen kan sjå, som ser ut til å bli grei.

– Det ligg an til opphaldsvêr fredag, men så slår det om på laurdag igjen. Vi er inne i ein uvanleg aktiv lågtrykksperiode. Det er sjeldan at det trykkjer på så mykje med lågtrykk. Om folk meiner at vêret har vore heftig, så kan eg gå god for det, seier Fagerli.

Årsaka til dei mange lågtrykka, skal vera eit heftig høgtrykk som ligg over Europa. Dette høgtrykket ser ut til å skulle trekkja nordover, men det er ikkje sikkert at det er godt nytt for oss.

– Vi ser ut til å liggja i utkanten. Slik det ser ut, kan det godt henda at det blir mildt og lågtrykk ut januar. Det ser ikkje hyggjeleg ut, fortel meteorologen.