Klink is: Laurdag kan det bli svært krevjande forhold for dei som skal ut og gå og dei som skal køyra.

Har sendt ut nytt farevarsel for laurdag

Dei verste snøbyene ser ut til å vera forbi. No er det ei anna fare som trugar.

Meteorologane har send ut eit gult farevarsel om is for delar av Vestland som gjeld frå laurdag klokka 13.00.

Mykje snø

Den nærmaste målestasjonen til Bjørnafjorden kommune, finn ein på Florida i Bergen. Her blei det målt 38 cm i snødjupne fredag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er rekord i januar sidan heilt tilbake til 1987, då det blei målt 57 cm.

— I februar 2010 blei det målt heile 61 centimeter djup snø på Florida. Men uansett, er det mykje snø vi har fått no, seier vakthavande meteorolog Leonidas Tsopouridis hos Meteorologisk institutt.

Han legg til at dei verste snøbyene no truleg er forbi, men at det framleis kan koma ein del snø ut over dagen, fredag.

— Farevarselet her gjeld til klokka 16 i dag. Då går det over til enkelte byer, og det er ikkje lenger fare for dei same mengdene.

Tilrådingar ved gult farevarsel for is

Vurdér bruk av broddar

Rekn ekstra tid til transport og køyring

Bruk riktige dekk og køyr etter forholdea

Sjekk vegmeldingar (175.no)

Konsekvensar

Det kan vera lokalt vanskelege køyreforhold

Transporttenester kan bli påverka

Hålkeføre

Nytt farevarsel

No er det altså sendt ut nytt, gult farevarsel for is laurdag.

— Det er ein risiko at regnet vil frysa til is på bakken og at det lokalt kan bli svært krevjande køyreforhold. Nok ein gong vil transporttenester då bli påverka. Det ser ut til å kunna bli ein vanskeleg dag i trafikken også laurdag, seier Tsopouridis.

Natt til søndag ser det ut til å koma ein god del regn. Ved plussgrader og regn, vil ein del av snøen som har hopa seg opp, forsvinna.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ein må nok rekna litt ekstra tid til transport og køyring dei neste dagane, og det kan vera lurt å ha broddar på i morgon om du skal ut og gå. Køyre- og gå-forholda vil nok bli vesentleg betre søndag. Det ser i alle fall slik ut.