I dag signerte grunneigarane Anders Hjelle, Knut Jarle Aspenes og Paul Hans Sælen avtalar som seier at dei som grunneigarar tek sin del av rekninga med opprustinga av sentrum.
I dag signerte grunneigarane Anders Hjelle, Knut Jarle Aspenes og Paul Hans Sælen avtalar som seier at dei som grunneigarar tek sin del av rekninga med opprustinga av sentrum.

Viktige signaturar for framtida til Os sentrum

Tre grunneigarar, som står for ein stor del av sentrumsarealet, skreiv i dag under på spleiseavtalen med Os kommune om opprusting av Os sentrum.

I slutten av oktober i fjor blei alle grunneigarane i sentrum kalla inn til møte med Os kommune. Temaet var opprusting av sentrum, og om grunneigarane var villige til å ta ein del av kostnadene med å gjera Osøyro ny. Signala som kom i det møtet var positive, og no har fleire signert på ein avtale som seier at dei tek ein del av rekninga på totalt 27 millionar kroner.

Det er totalt brukt 27 millionar kroner på alt som ein kan sjå over bakken i sentrum. Kommunen har lagt fram eit forslag om ei 50/50-fordeling, slik at grunneigarane tek 13,5 millionar av rekninga, med 20 års nedbetalingstid, og ei fastrente på to prosent. Kor mykje kvar enkelt grunneigar skal betala, er avhengig av kor mykje areal ein eig i sentrum. Men dei som har fått baldakinar og skifer rett utanfor bygga sine, er foreslått å betala 1,5x meir enn dei som ligg i utkanten av sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

JOA Gruppen og Os Pensjonistforening har alt signert. I dag var Anders Hjelle (som eig saman med Eirik Neverdal), Knut Jarle Aspenes og Paul Hans Sælen innom ordføraren sitt kontor for å signera sine avtalar.

– Dette er ein merkedag. To har alt signert, og no signerer tre store, og viktige grunneigarar i sentrum, som også er representantar for grunneigarane, seier ordførar Marie Bruarøy.

Første del av prosjektet

Kommunen har så langt teke rekninga for opprustinga av sentrum, men dei håpar å få med alle grunneigarane i sentrum på eit spleiselag. Om nokre grunneigarar ikkje sluttar seg til spleiselaget, blir det dyrare for kommunen. Del 1 av opprustinga omfattar utgifter til planlegging, det nye dekket i sentrum, baldakinar og kunst og dekorasjon i sentrumskjernen. Kva som skjer i del 2 av prosjektet, er avhengig av kor mange grunneigarar som sluttar seg til avtalen.

Ordførar Marie Bruarøy og næringssjef Daniel Skotheim møtte tre av grunneigarane i dag. Skotheim fortel at dei har fått signal frå fleire grunneigarar om at dei er positive til å ta del i spleiselaget.
Ordførar Marie Bruarøy og næringssjef Daniel Skotheim møtte tre av grunneigarane i dag. Skotheim fortel at dei har fått signal frå fleire grunneigarar om at dei er positive til å ta del i spleiselaget.

– Det blir mykje tyngre å gå i gang med del to, om det viser seg at det er fleire som ikkje ønskjer å ta del i spleiselaget, sa næringssjef Daniel Skotheim til Os & Fusaposten etter møtet i oktober.

I del 2 er det nemnd elvepromenade, park framfor rådhuset og oppgradering av kollektivterminalen.

Gode signal

Grunneigarane som førebels ikkje har signert, verkar vera positive til å ta del i avtalen.

– Det er fleire som har signalisert at dei ønskjer å vera med, men dei har ikkje signert så langt. Dette er før eg har gått rundt og snakka med alle grunneigarane, seier Skotheim.

Anders Hjelle sa i møtet i dag at det var lurt av kommunen å pussa opp før ein prøvde å få til ein avtale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kunne fort ha blitt vanskelegare å få til ein avtale om ein prøvde før arbeidet starta. No ser ein kva som er gjort, og kor fint det er blitt, seier Hjelle.

Må vera lojale

Tidlegare har Knut Jarle Aspenes sagt at grunneigarane må gå i seg sjølve og stå opp for kvarandre. Det gjentok han i møtet i dag.

– Det kan vera nokre som ikkje evner å ta ein del av rekninga, men det er nok ikkje mange. Det er ikkje snakk om astronomiske summar. Vi må vera lojale mot kvarandre og bidra med vårt, seier han.