Fusa og Os kommunar ber innbyggjarane om innspel til det nye kommunevåpenet.
Fusa og Os kommunar ber innbyggjarane om innspel til det nye kommunevåpenet.

Vil du teikna det nye kommunevåpenet?

Kommuneleiinga lyser ut konkurranse om å laga det beste forslaget til nytt kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune. 11-åringar blir spesielt inviterte til å delta.

I tredje etasje på rådhuset er det filminnspeling. Toppleiinga i kommunen lagar ein informasjonsfilm om det nye kommunevåpenet som vonleg skal vera vedteke i løpet av 2018.

– Målgruppa for filmen er heile Bjørnafjorden kommune, seier kultursjef Lisbeth Axelsen, for dagen regissør. I filmen fortel ordførarane i dei to kommunane om historikken til dagens to kommunevåpen som snart går ut av bruk. Rådmannen fortel om prosessen med å finna eit nytt eitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ønskjer innspel frå innbyggjarane. Me håpar mange har innspel til korleis det skal sjå ut, og sender inn forslag, seier rådmann Christian Fotland.

Medan alle osingar og fusingar er velkomne til å koma med bidrag, vil særleg 6. klassane bli inviterte.

Ber innbyggjarane vera kreative

1. januar 2018 tredde det i kraft nye reglar som let det vera opp til kommunestyra sjølve å bestemma kva kommunevåpen dei skal ha. (Os kommune sitt kommunevåpen vart godkjent av kommunestyret i 1949 og har dermed no all naudsynt godkjenning). Fellesnemnda for nye Bjørnafjorden kommune har likevel lagt opp til at dei gamle reglane skal følgjast.

Det vil seia at kommunevåpenet skal ha eitt enkelt motiv, som t.d. ein bjørn, ein fjord eller ein båt. Symbolet kan gjentakast fleire gonger som t.d. Fusa kommune sitt kommunevåpen med tre kvervlar. Bakgrunnen skal vera einsfarga.

I pressemeldinga frå kommunane blir innbyggjarane oppfordra til å vera kreative.

– For å få innspel til motiv eller symbol inviterer me til ei idémyldring som er open for alle interesserte. Kva meiner du er typisk for Bjørnafjorden? Kva ord, symbol eller naturfenomen er typisk for dette området? Er det dyr, planter, landskapsformer, gjenstandar, historiske symbol eller anna me kan

Den tekniske løysinga for korleis innbyggjarane kan senda inn sine bidrag er ikkje heilt klar enno, og vil bli annonsert på eit seinare tidspunkt.

Kan vinna 20.000 kroner

Fellesnemnda har lagt opp til at det blir to steg i prosessen. Den første fasen er ei open idémyldring. Her kan ein senda skriftlege forslag (verbalforslag) eller teikna. 6. klasse sine kunstnarlege forslag vil bli skanna og lagt ut som utstilling på den nye kommunen si heimeside, og det vil dessutan bli delt ut premiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det neste steget er ein formgjevingskonkurranse for profesjonelle, som vil bli lyst ut før sommaren. Framlegga frå første fase blir gjennomgått av ei eiga arbeidsgruppe, og eit utval blir teke med inn i arbeidet med å laga eit grunnlag som dei profesjonelle kan jobba ut frå. Tre innkomne forslag vil bli premierte med kr 5.000, medan den endelege vinnaren får 20.000 kroner.

Må avklarast med patentstyret

Fellesnemnda har ikkje makt til å vedta det nye kommunevåpenet, og det nye forslaget må difor til behandling i både Fusa og Os kommunestyre. Der må det treffast heilt like vedtak, og dette skjer truleg seinhaustes.

For å unngå forveksling med eksisterande kommunevåpen og for å unngå forveksling med patenterte symbol/varemerke, krev det nye regelverket at ein sender inn det aktuelle kommunevåpenet til undersøking hjå patentstyret.

Etter innsending til Arkivverket vil deretter det nye kommunevåpenet vera godkjent. Men det trer i kraft først når den nye kommunen er eit faktum 1. januar 2020.

ol@osogfusa.no