Dei som har følgt med i politiske saker dei siste åra kan ikkje ha unngått å leggja merke til at kommuneøkonomien er under sterkt press. Det er svært krevjande å finna løysingar, meiner Anne-Merete Mærli Hellebø.
Dei som har følgt med i politiske saker dei siste åra kan ikkje ha unngått å leggja merke til at kommuneøkonomien er under sterkt press. Det er svært krevjande å finna løysingar, meiner Anne-Merete Mærli Hellebø.

Vil følgja opp skule-uro

Lærar hevdar Fusa-elevar ikkje får det dei har krav på. No skal einingsleiar for undervisning, Anne-Merete Mærli Hellebø, følgja opp saka.

Morten Holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Mærli Hellebø har vore bortreist medan delar av skuledebatten har stått på. På måndag var ho tilbake på kontoret.

- Har du inntrykk av at lærarane i Fusa opplever skulekvardagen på same måte som Maria Lister Midtrød ved Holdhus skule?

- Eg kan ikkje svara på vegner av alle lærarane i Fusa. Alle opplever kvardagen på ulike måtar. Dei som har følgt med i politiske saker dei siste åra kan likevel ikkje ha unngått å leggja merke til at kommuneøkonomien er under sterkt press. Det er svært krevjande å finna løysingar, meiner Hellebø.

Best mogeleg

Hellebø er einingsleiar for undervsining, men kjenner seg likevel ikkje som "mellom barken og veden" i ein skuledebatt som har dukka opp ved jamne mellomrom dei siste 20-30 åra. Ho har eit avklara forhold til jobben ho skal gjera som tilsett i Fusa kommune.

- Mi oppgåve er å jobba for best mogeleg kvalitet i fusaskulane, og at lover og forskrifter blir følgt, innanfor den strukturen som politikarane meiner me skal ha.

Utgreiing

- Når Lister Midtrød hevdar at elevane ikkje får det dei har krav på, er det eit sterk utsegn?

- Dette vil eg følgja opp og få ei utgreiing om. Eg ser svært alvorleg på dette om så er tilfelle. Det er min jobb å få klarlagt dette - og å få gjort noko med det, seier Hellebø.

Ytringsfridom

I Fusa som andre stader er skuledebatten ei kjenslevar sak. Einigsleiaren er oppteken av at ordskiftet skal gå føre seg i gode former - uansett kva ein meiner.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er glad eg bur i eit land der ytringsfridomen står sterkt, og der ein kan meina det ein vil utan å bli utsett for represalie. Når meiningar møtest, er det viktig at alle røyster blir høyrde. Eg er for breie demokratiske prosessar. Om ikkje endar me opp som samfunn me ikkje vil samanlikne oss med, avsluttar Hellebø.