Hordaland fylkesting ber om at det blir lagt vekt på rask framdrift i planprosessane for tre store vegprosjekt i fylket, inkludert E39 Stord – Os (Hordfast).
Hordaland fylkesting ber om at det blir lagt vekt på rask framdrift i planprosessane for tre store vegprosjekt i fylket, inkludert E39 Stord – Os (Hordfast).

Vil ha rask framdrift på Hordfast

Hordaland fylkesting ber om at det blir lagt vekt på rask framdrift i planprosessane for tre store vegprosjekt i fylket, inkludert E39 Stord – Os (Hordfast).

E39 Stord – Os er nemnd i høyringsuttalen frå Hordaland fylkesting i samband med Handlingsprogram 2018–23 til Nasjonal transportplan (NTP). Prosjekta E16 Arna – Trengereid og E134 Røldal – Seljestad er dei to andre prosjekta.

– Fylkestinget ber om at det blir lagt vekt på rask framdrift, slik at oppstart kan skje i tråd med den vedtekne NTP, heiter det i uttalen frå fylkestinget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkestinget ber også om at det blir omprioritert midlar til kollektivknutepunktet i Odda som eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og staten. Det er også aktuelt for kollektivknutepunkt som er under planlegging på Osøyro, Leirvik og Knarvik. Alle desse kollektivknutepunkta blir betente av fylkeskryssande bussruter.