Sjølv om det kan betyr jobbar for Rørleggeriet, håpar ikkje Jan-Erik Særvold at nokon må oppleva vasskader i heimen sin.
Sjølv om det kan betyr jobbar for Rørleggeriet, håpar ikkje Jan-Erik Særvold at nokon må oppleva vasskader i heimen sin.

Vil helst unngå å bruka denne

Kulda som har herja har ført til ekstra mykje jobb for røyrleggjarar i Os, men Jan-Erik Særvold i Rørleggeriet jublar ikkje av den grunn.

– Det er ikkje kjekt å måtta bruka denne. Men vi kan fiksa problemet på den måten, seier Særvold.

– Vasskadar er fortvilande for dei som blir råka, og ikkje minst kan det bli dyrt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Problemet er når det tinar

Rørleggeriet har fått inn nokre jobbar som går på frostskadde røyr i kulda som har herja, men talet jobbar har ikkje vore så mange som ein kanskje skulle tru etter kuldeperioden.

– Dei som framleis sit med gamle koparrøyr har vore gjennom kuldeperiodar tidlegare, og gjerne fått orden på røyra då. Oftast har folk røyr i røyr, og då gjer ikkje frosten skade, stort sett. Frosne vassleidningar i seg sjølv er ikkje eit problem. Det er når dei tinar at ein må vera observante. Så lenge det står is i leidningen lek han ikkje, men om det har kome sprekker, står vatnet ut når det tinar, seier Særvold.

Lite snø betyr større frostskade-fare

Difor bør ein aldri reisa frå hus eller hytte med frosne vassleidningar utan å stengja hovudstoppekrana. Vidare fortel Særvold at det som er ekstra skummelt med kuldeperioden vi har vore gjennom, er at det er lite snø.

– Det fører til at tela slår djupare. Om det er mykje snø, fungerer snøen som isolasjon. Dess lengre kulda varer med lite snø, dess større fare er det.

Om ein har frostsprengde leidningar, vil ein i dei fleste tilfella oppdaga det kjapt, ifølgje Særvold.

– Då kjem det store mengder vatn. Ein bør alltid ha kontroll på kor stoppekrana er, elles kan det skje enorme skader.

Sørvold ber folk vera særleg merksame på røyr som ligg i etasjeskilje og i nærleiken av ventilar.

– Ein bør syta for å halda huset varmt når det er kaldt ute. Særleg der det er dårleg isolert. Har ein synlege røyr til dømes i ein kjellar, kan det vera lurt å kjøpa isolasjon og leggja på røyra, seier han og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om ein skal tina opp røyr, skal ein aldri setja vifteomn eller liknande rett mot ein trevegg. Ein må tenkja på brannfare. Det har oppstått mange brannar på denne måten, ikkje i Os, men andre stader.

Tips på Facebook

I går kveld la Engevik VVS ut ei melding på Facebook-sida deira. Det såg ut til å ha vore ein lang dag for dei.

– Etter mange timar i kampen mot frosten, har vi kunne hjelpa åtte kundar med å få vatn igjen. Skulle gjerne ha hjelpt mange fleire, men i dag rakk vi diverre ikkje fleire. Trass minusgrader og mange rare stillingar i kummar, krypkjellar og loft, er vi godt tilfreds med dagen. Dagens tips: Med litt renning i springen, så frys ikkje vatnet, skriv dei.