Veit korleis det er: I dag er ho i ein betre posisjon økonomisk, men Tone Mortensen Kordts veit godt kor tøft det er når ein må snu på kvar krone for å få endane til å møtast.

Vil vera fadderfamilie i jula: — Eg veit godt korleis det er å måtta snu på kvar krone

Tone Mortensen Kordts (51) vil oppmoda fleire til å melda seg og stilla opp for dei som slit økonomisk.

Det er i skrivande stund to personar som har meld til SOS Bjørnafjorden at dei ønskjer å hjelpa familiar i jula.

Kim Roger Knutsen (25) veit ikkje heilt kva han skal bidra med enno, men han er klar på at han ønskjer å koma med eit økonomisk bidrag til mat, julegåver eller kva det måtte vera, til nokon som ser at økonomien ikkje strekkjer til i høgtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det ønskjer også Kordts å gjera, men ho har sagt ifrå om at ho ønskjer å hjelpa ein familie. Ho vil også svært gjerne møta dei.

— No ventar eg på å få tildelt ein familie frå Charlotte (Hæggernes, journ.mrk.) i SOS Bjørnafjorden. Eg vil møta dei for å høyra kva behov dei har. Eg kan ikkje bidra med ei fullverdig jul, for så mykje pengar har eg ikkje. Men eg vil hjelpa til med å skapa ei fin jul for dei, seier Kordts.

Ho har sjølv mann og born. Initiativet er klarert på heimebane.

— Det går heilt fint. Vi må bli samde om korleis vi skal gjera dette. Då må vi først vita kva behovet er, seier Kordts.

Var utan inntekt og åleine med borna

Kordts har tidlegare bidrege ved å vippsa pengar eller på andre måtar kome med bidrag økonomisk. Men slik som dette, har ho aldri gjort før.

— Eg ser fram til det. Det er viktig å knytta relasjonar. Er ein til dømes åleine med born, og er i ein vanskeleg situasjon, kan det vera godt berre å ha nokon utanforståande å prata med. Nokon som kan hjelpa å sjå ting på anna vis, og at ein ikkje låser seg fast i eit mønster.

— Trur du at det er ein del som er i økonomiske vanskar, som synast at det er vanskeleg å snakka om det?

— Heilt klart. Det er nok nokon som skammar seg. Eg veit sjølv godt korleis det er å sitja utan inntekt og ha ansvar for ungar. Eg forstår også godt at det er vanskeleg å ta imot hjelp. Eg har hatt det tøft økonomisk sjølv, seier Kordts.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjekt å treffa nye folk: I tillegg til at ein kan bidra økonomisk, er det mange som sit heime åleine, og som nok ønskjer å treffa folk: — Då kan dette vera ein ypparleg sjanse. Ein kan hjelpa økonomisk, og ein kan treffa og bli kjend med nye menneske, seier Kordts.

Ikkje alle har nokon å støtta seg på

I dag er Kordts i ein annan situasjon, i så måte. Ho fortel at ungane har vekse til, og at ho i dag har ein mann. Men då borna var små, var ho åleine med dei.

— Eg veit korleis det er å måtta snu kvar krone for å få endane til å møtast. Eg har vore heldig og har hatt familie kring meg som har hjelpt. Det er det ikkje alle som har.

Ved å knyta band til ein familie, ser Kordts føre seg å kunna vera ein person som dei kan støtta seg på — ikkje berre gjennom jula — men også på sikt.

— Vi må ikkje vera så redde for å bry oss. Eg vil oppmoda fleire til å gjera dette. Dei som har høve til det. Det er sjølvsagt også fint om folk som har midlar økonomisk, bidreg med dette ved å vippsa og slikt. Eg ønskjer denne gongen å møta ein familie og bli kjend med dei.

Vidare seier Kordts at det nok er mange som er einsame, som sit åleine i jula, som ved å melda seg som fadderfamilie, eller ved å ytra ønske om å bidra, kan koma i kontakt med folk.

— Det er ikkje alle som har eit stort nettverk kring seg, og det kan nok vera vanskeleg for dei som sit åleine å koma i kontakt med folk. Då tenkjer eg dette kan vera eit høve til å knyta nye band.