Fredrik Seliussen, Marianne Stigset, Terje Søviknes og Nina Jensen hadde ein prat om lokaliseringa av Kjell Inge Røkke og Rev Oceans bygg «Det store blå» onsdag.
Fredrik Seliussen, Marianne Stigset, Terje Søviknes og Nina Jensen hadde ein prat om lokaliseringa av Kjell Inge Røkke og Rev Oceans bygg «Det store blå» onsdag.

– Ville vore ein flying start å få «Det store blå» til Lyseparken

Terje Søviknes og Fredrik Seliussen fekk god respons på Lyseparken-alternativet hos Rev Ocean onsdag.

Ordføraren i Os og Lyseparken-direktør Fredrik Seliussen var i Oslo og presenterte Lyseparken-konseptet for admininstrerande direktør i Rev Ocean, Nina Jensen, og kommunikasjonssjef Marianne Sigset onsdag ettermiddag. Responsen var udelt positiv.

– Eg kjenner jo Nina frå før, både ettersom ho er søster til Siv (Jensen) og fordi eg har hadde ein del med ho å gjera då eg var olje- og energiminister. Eg føler me fekk presentert Lyseparken på ein god måte. Ikkje minst fall det i god smak då me fortalde om miljøaspekteret – mellom anna at parken skal vera sjølvforsynt med energi, fortel Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nærleik til sjø ikkje viktig

Per dags dato er det 15 kommunar i Noreg som er positive til å «husa» det planlagde «verdshavenes hus» på kring 60 etasjar. Os konkurrerer altså med dei.

– Var det ikkje viktig med nærleik til sjø?

– Nei, det har ikkje vore eit kriterium frå Nina og dei. Det dei derimot er veldig opptekne av er at det skal liggja på ein plass som er tilrettelagt for næring. Det er Lyseparken, slår Søviknes fast.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no