(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Vinglete syklist med kniv

Patruljen i Os var i ferd med å kontrollera to ungdomar på firehjulingar i sentrum då dei fekk melding om ein syklist som køyrde vinglete på Lekven.

- Meldinga gjekk på ein person som vingla att og fram i vegbanen på ein sykkel, seier politiførstebetjent Christine Grindstein.

Patruljen køyrde til Lekven og fann ein mann i 30-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Mannen hadde ein kniv på seg, og blir meldt for å bera kniv på offentleg stad, seier Grindstein.

Ungdom på firehjulingar

Då politiet fekk melding om mannen på sykkelen var dei i ferd med å kontrollera to ungdomar på firehjulingar i Os sentrum.

- Ein av desse ungdomane køyrde ein firehjuling som var trimma. Han fekk pålegg om å utbetre dette, før patruljen reiste vidare til Lekven, seier Grindstein.