Hoppeslott.
Hoppeslott.

Vinnes barnehage feira fem år i nyebygget

Det var spente ungar i Vinnes barnehage måndag 7. mai, då dagen dei hadde venta på endeleg var komen.

Vinnes barnehage feira nemleg fem år i nytt bygg denne måndagen.

Barnehagen hadde invitert foreldre, vener, familie og bygdefolk til å feira dagen med oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart ein kjempeflott dag. Barnehagekoret song og me koste oss med pizzabollar og kake.

Foreldra hadde ordna med ei overrasking til ungane: Hoppeslott, ballongar og ansiktsmaling.

Tusen takk til alle som kom til bursdagsfesten vår.

Ingen bursdag utan kake.
Ingen bursdag utan kake.
Barnehagen hadde fått laga til gullkrone til den store dagen.
Barnehagen hadde fått laga til gullkrone til den store dagen.

Små og store i Vinnes barnehage