Fekk pålegg: Mannen i 20-åra vart vist bort frå staden, og fekk pålegg om å halda seg borte frå adressa.

Viste vekk mann som stod og drakk utanfor bustad

Like etter midnatt i natt fekk politiet melding om forstyrring av natteroa utanfor ei adresse nord for Os sentrum.

– Det var ein rusa mann som stod og drakk alkohol utanfor ein bustad han ikkje hadde tilknyting til, opplyser politiet.

Mannen i 20-åra vart vist bort frå staden, og fekk pålegg om å halda seg borte frå adressa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen etterkom dette, og det er ikkje oppretta sak på forholdet, fortel innsatsleiar Christine J. Grindstein.