Hamza Samer Sumak, Jorinta Astrauskaite, Marie Lundervik, Marthe Fredriksen-Nordtveit og Patrik Midtrød. Kontaktlærar er Esther Solsvik Bruvik.
Hamza Samer Sumak, Jorinta Astrauskaite, Marie Lundervik, Marthe Fredriksen-Nordtveit og Patrik Midtrød. Kontaktlærar er Esther Solsvik Bruvik.

13 tente lys

I Eikelandsosen har 13 seksåringar teke fatt på eit heilt nytt kapittel i liva sine. Før jul hadde dei ferske elevane lært seg storparten av bokstavane i alfabetet.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er måndag morgon, og borna i 1. klasse ved Eikelandsosen skule har starta dagen med å gå rundt juletreet. No ventar ei utvida adventsstund i klasserommet. Fire lilla lys står klare i adventsstaken. Tre av dei skal tennast. Marie Lundervik er den heldige. Ho tenner lysa og heng opp eit adventshjarte i vindauga, før kontaktlærar Esther Solsvik Bruvik går over til å lesa adventseventyret om Pulverheksa og julenissen.

- I dag må vi lesa både for laurdag, søndag og måndag, seier ho.

- Kan vi tenna i peisen, spør éin av elevane, og Bruvik finn fram ein video med vedkubbar med fyr i på youtube, sløkkjer lyset og startar høgtlesinga.

Marie Lundervik fekk oppgåva med å tenna dei tre adventslysa måndag morgon.
Marie Lundervik fekk oppgåva med å tenna dei tre adventslysa måndag morgon.

J for julenisse

I første klasse på Eikelandsosen skule går det 13 elevar, seks jenter og sju gutar. Elevane trivst godt på skulen, og noko av det kjekkaste dei gjer er lekser.

Det svarte i alle fall éin av elevane då spørsmålet vart stilt. Av andre svar, var: Jobba på data, dansa, leika, teikna, fotball, ha friminutt, gå på SFO, eta, musikk og matte.

Elevane har lært nesten alle bokstavane i alfabetet, og byrjar uoppfordra å ramsa dei opp.

- A, B, C, D, E, F, G, H, I...

Artikkelen held fram under annonsen.

I norsktimen denne måndagen står J for tur. Alle med J i namnet vert beden om å reisa seg. Jessica og Jorinta skyver stolen frå pulten og stiller seg rakt opp og ned.

J er vekas bokstav.

- Er det nokon som kan koma på nokre ord med bokstaven J i seg, spør Esther.

Ivrige hender sprett opp i veret, og elevane byrjar å vifta med dei.

- Jord, jente, jo jo, Jesus, jordkloden, jeg, jul, juletre, julenisse, forslaga kjem veltande som perler på ei snor.

For å læra endå fleire J-ord les klassen historie om Jan Julegran. Han er vekas person.

Deretter ventar ein matbit, fotografering og eit kort friminutt. Elevane skundar seg på med ytterkleda, og spring ut i skulegarden. Mange års skulegang er så vidt i gang. Snart har dei 13 førsteklassingane vore skulelevar i eit halvt år allereie.