88 gjester var samla til årets Gjengafest i Kløvertun.
88 gjester var samla til årets Gjengafest i Kløvertun.

70 år med Gjengafest på Moberg

Laurdag 13. januar samla «Mobergsgjengen» seg til fest i Kløvertun. Dette er den 70. festen sidan 1947.

Festen starta i «Pådlastovo» i kjellaren på Moberg i huset der Erlend Moberg og Gry Aletta Bjørlykke bur no. Sidan var staden Mobergsvikjo kafè. Etter kvart vart festen halden i Fjellheim, før Kløvertun vart fast feststad. Tidspunktet for festen var mellom jul og nyttår. I seinare tid har han vorten halden i starten av januar.

Det er heilt utruleg at dette har hange saman og kunna vara over så lang tid. Kanskje svaret er at det vert valt ein ny komitè på kvar fest slik at det vert kontinuitet år etter år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fram til ca 1977/78 var det ein felles fest. Då starta dei yngste opp med sin eigen fest, fram til alle kunne vera i lag i Fjellheim på 1990-talet.

No er det ein fest for yngre og eldre. Komiteen for festen i år var Karlotte Møgster og Bjørn Lepsøy, Finn Erik Moberg, Marit Moberg, Sverre og Mette Samdal og Elfrid og Eivind Moberg. Eivind Moberg var leiar for festen dette året. 88 gjestar var samla.

Menyen var utsøkt hjortegryte frå Osøyro Kolonial ved Silja Døsen Moberg. Her var god musikk ved Geir Magne Johnsen Moberg og stemninga var stor gjennom heile festen.

Festen starta i «Pådlastovo» i kjellaren på Moberg i huset der Erlend Moberg og Gry Aletta Bjørlykke bur no. Sidan var staden Mobergsvikjo kafè. Etter kvart vart festen halden i Fjellheim, før Kløvertun vart fast feststad.
Festen starta i «Pådlastovo» i kjellaren på Moberg i huset der Erlend Moberg og Gry Aletta Bjørlykke bur no. Sidan var staden Mobergsvikjo kafè. Etter kvart vart festen halden i Fjellheim, før Kløvertun vart fast feststad.
Årets fest var den 70. i rekkja sidan 1947.
Årets fest var den 70. i rekkja sidan 1947.
Tidspunktet for festen var tidlegare mellom jul og nyttår. I seinare tid har han vorten halden i starten av januar.
Tidspunktet for festen var tidlegare mellom jul og nyttår. I seinare tid har han vorten halden i starten av januar.

Jan Hægland (88 år) hadde eit historisk overblikk frå den første festen og fram til i dag. Vi hadde samla inn foto frå tidlegare mobergsfestar, og Finn Erik Moberg laga eit samandrag av desse og nokre dronebilete over Moberg. Då braut Os-songen ut spontant!

Stephan Irgens- Hagevik kom med tilbakeblikk og humoristiske innslag frå tidlegare tider på Moberg.

Dansen varde til ca halv to om natta og festen vart avslutta med allsong: Skal gamalt venskap kverva bort og ikkje setja far.

Ny komite for festen i 2019 er Elisabeth Hellevang Størksen og Per Størksen, Bob Cook og Aud Fjellanger, Lars Egil og Nina Moberg og Lars Inge Lepsøy og Anne Teigland. Varafolk vart Einar og Wenche Borgen, som skal vera med i komiteen for 2020.

Det var også i år svært positive tilbakemeldingar på Mobergsfesten!

Artikkelen held fram under annonsen.

Eivind Moberg