Nora og maria Loeshagen Røttingen og Emilie Røttingen Lyngbø håpa i det lengste at dei hadde eitt av vinnerlodda.
Nora og maria Loeshagen Røttingen og Emilie Røttingen Lyngbø håpa i det lengste at dei hadde eitt av vinnerlodda.

And the winner is...

Det vart ikkje akkurat nokon sluttspurt då handballgruppa til Os Turn inviterte til andeslepp i Oselva for femte år på rad.

– Kan nokon gå opp på brua og blåsa litt på endene. Det er ikkje berre berre å symja i motvind, sa speaker Tore Kleppe då løyperekorden var passert og vel så det.

Låg vannstand i elva gjorde at endene, trass høgdetrening, nett så vidt seig nedover. Det førte i det minste til at Kleppe fekk ein «lang» dag på jobb, og tilskodarane mykje god underhaldning. Speakeren måtte halda det gåande i nærare ti minutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje enkelt å disponera kreftene når du trur at løpet skal gå like raskt som tidlegare. No nærmar vi oss tre gongar løyperekord, sa han i det dei aller første gule, små nærma seg målstreken.

– Viktig inntektskjelde

Kring 1.500 ender vart kasta over rekkverket på gamlebrua like etter klokka 14 laurdag. Andesleppet er ein viktig inntekskjelde for handballgruppa, og Gitte Torp fortel at det har blitt selt lodd på Osøyro nesten heilt fram til startskotet for det femte andesleppet i rekkja gjekk.

Blant dei som sikra seg kvar sine lodd, var trioen Nora Loeshagen Røttingen (10), Maria Loeshagen Røttingen (8) og Emilie Røttingen Lyngbø (5). Jentene har følgt spent med på løpet, og har framleis eit lite håp om å vinna.

Knappe ti mintt før startskotet gjekk, selte Gitte Torp og Nora Marie Johnsen dei siste lodda. Johnsen fekk i oppgåve å løpa opp til Oselva med endene.
Knappe ti mintt før startskotet gjekk, selte Gitte Torp og Nora Marie Johnsen dei siste lodda. Johnsen fekk i oppgåve å løpa opp til Oselva med endene.
Det vart lang tid å venta, både for dei som skulle plukka opp endene, og for tilskodarane langs elva.
Det vart lang tid å venta, både for dei som skulle plukka opp endene, og for tilskodarane langs elva.
Kjem det nokre ender no snart, tru...
Kjem det nokre ender no snart, tru...
Etter kring ti minutt var det tid for å kåra ein vinnar. Her gjeld det å følgja med. Er det anda til høgre eller venstre som kjem først bort til gjerdet?
Etter kring ti minutt var det tid for å kåra ein vinnar. Her gjeld det å følgja med. Er det anda til høgre eller venstre som kjem først bort til gjerdet?
Ove Lyssand har akkurat kasta vinnaranda over til sekretariatet litt lenger ned i elva.
Ove Lyssand har akkurat kasta vinnaranda over til sekretariatet litt lenger ned i elva.
Her har resten av tetgruppa hamna i håven.
Her har resten av tetgruppa hamna i håven.
Sjølv etter at mange av endene var komne i mål, var det veldig mange andre som knapt hadde bevegd seg nedover elva i det heile.
Sjølv etter at mange av endene var komne i mål, var det veldig mange andre som knapt hadde bevegd seg nedover elva i det heile.
Nora Marie Johnsen og Ida Wik har spela handball sidan dei gjekk i 4. klasse. Laurdag stod dei på Osøyro og selte lodd og kaker til inntekt for handballgruppa.
Nora Marie Johnsen og Ida Wik har spela handball sidan dei gjekk i 4. klasse. Laurdag stod dei på Osøyro og selte lodd og kaker til inntekt for handballgruppa.

– Vi har heia på endene våre, fortel dei.

Den som stakk av med hovudpremien, eit gavekort på Amfi Os på 10.000 kroner, var Frida Mathisen, medan helikopterturen for tre personar over Osøyro gjekk til ein som hadde kjøpt loddet sitt halvanna time tidlegare, nemleg Arne Martin Mjånes.

– Det var ingen dum prioritering, slo kleppe fast.

Dei resterande premiane gjekk til Bjørnar Engelsen, Lisbeth Hjelle Døsen, Ronny Torgersen, Mariann Lyssand og Helene Steffensen.

camilla.kvamme@osogfusa.no