Årets sommarmagasin er her

Opplev Os og Fusa: I årets sommarmagasin har me løfta fram nokre av perlene i dei to kommunane våre. Vonleg kan tilreisande og sambygdingar oppdaga og gjenoppdaga dei to kommunane våre.

LEIAR: Å veksa opp i kommunar som Os og Fusa kan gjera sjølv den mest nøkterne stril blasert. Det er lett å sjå seg blind på fjorden og fjella, Folgefonna og dei grøne bakkane. Eit landskap turistar stirrar måpande på i "timesvis", vert ei vanesak der me fartar mellom jobb, skule, treningar og barnehage.

Skjergarden er eit lite flogekast unna med badeviker rundt kvart eit nes. Ole Bulls Villa, Lyse kloster, Holdhus kyrkje og postvegen over Fusafjellet vitnar om ei rik historie.

På same måte som eg gjenoppdaga heimbygda mi då eg stifta familie og flytta heim att frå bydn, har jobben med sommarmagasinet opna augene mine for Os og Fusas attraksjonar og det turistane kallar scenery.

I dette magasinet har me løfta fram nokre av perlene. Vonleg kan tilreisande og sambygdingar oppdaga og gjenoppdaga dei to kommunane våre.

Ps: Magasinet er ikkje uttømmande. Me tek opp att tråden i sommarmagasinet 2017. Gjerne med innspel frå dykk!

Magasinet kjem i ein postkasse nær deg i dag, og vert også liggjande "rundt om" på utvalde stader.

God lesnad og riktig god sommar!

Jostein

Redaktør