Vinnar av fredsplakatkonkurransen, Mon Mathys, mottar premie på 500 kroner av Einar Martinsen i Lions Fusa.
Vinnar av fredsplakatkonkurransen, Mon Mathys, mottar premie på 500 kroner av Einar Martinsen i Lions Fusa.

Beste fredsplakat i Fusa

Mon Mathys vann fjorårets teiknekonkurranse for beste fredsplakat lyst ut av Lionsklubben i Fusa. Han er elev ved Strandvik Montessoriskule

Premien var ein sjekk på 500 kroner. I tillegg fekk klassen hans ein sjekk på 5000 kroner frå Lions distriktsnivå, ettersom Mon si teikning fekk toppscore frå alle klubbane mellom Kristiansand og Sognefjorden.

Årleg aktivitet

Lions fredsplakatkonkurranse er ein årleg internasjonal teiknekonkurranse for born mellom 11 og 13 år. Målet er å oppmuntra til refleksjon og kreativitet rundt fredstanken, og høver godt for markering av FN-dagen 24. oktober. Tiltaket er eit samarbeid mellom FN og Lions Clubs International. Konkurransen har ei 30 år lang historie.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Lions Fusa er det klubbmedlem Einar Martinsen som er «primus motor» for denne aktiviteten. Han var i fjor haust på besøk hos alle barneskulane i kommunen for å orientera om konkurransen og m.a. det fredsarbeidet Lions driv med på verdsbasis.

- Responsen var svært bra og det var ikkje lett å kåra ein vinnar, seier Martinsen.

Teikningane som kjem inn vert først vurdert av ein lokal klubb-jury. Denne gongen var det så mange flotte bidrag at klubben måtte ta kontakt med ein lokal fotograf og ein filmskapar for å få fagleg hjelp. Enden på visa var at vinnaren vart kåra på distriktsnivå, noko som seier sitt om nivået når det gjeld utforming og bodskap.

Fredsplakaten teikna av Mon Mathys gjekk heilt til topps i distriktet.
Fredsplakaten teikna av Mon Mathys gjekk heilt til topps i distriktet.
Nydelige cupcakes - så lekre at klubbmedlemmane nesten tykte det var for gale å ete dei…
Nydelige cupcakes - så lekre at klubbmedlemmane nesten tykte det var for gale å ete dei…
Distriktsguvernør i Lions, Kjell Framnes (Stord), overleverte klassepremien på 5000 kroner – til glede for heile gjengen.
Distriktsguvernør i Lions, Kjell Framnes (Stord), overleverte klassepremien på 5000 kroner – til glede for heile gjengen.

Glad vinnar

Heile klassen møtte opp på Lions Fusa sitt klubbmøte 1. februar. Dei hadde med seg nydelege cupcakes av eigen produksjon, pynta med løvefjes, og så lekre at klubbmedlemmane nesten tykte det var for gale å eta dei til kaffien.

Vinnaren veit nok å bruka premien til noko kjekt, og distriktspremien på 5000 kronene til klassen skal nyttast til glede for heile gjengen.

Vi gratulerer!

Synnøve Lien

Lions Fusa